Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Rådmannen si oppsummering

Rekneskap
Rådmannen legg fram rekneskapen for 2017 med eit mindreforbruk (overskot) for drifta på 16,6 millionar kr.

Netto driftsresultat vart 31 millionar kr, tilsvarande 2,3 % av driftsinntektene. Det er litt betre en målsettinga på 1,5 %, men ei halvering frå 60 millionar i 2016. Skatteutjamninga i rammetilskotet var 17 millionar høgare enn budsjettert grunna nedgang i skatt i Klepp og høgare vekst for landet samla.
Renteutgiftene vart 5,7 millionar lågare enn budsjettert grunna lågare lånerente og høgare innskot, som følgje av forsinka framdrift på investeringane.

Skatteinntektene vart 526 millionar kr, 14 millionar lågare enn opprinneleg budsjett, og 5 millionar høgare enn i siste reviderte budsjett. Skatteveksten vart lågare i Klepp enn for resten av landet. Årsaka er lågare sysselsetting, arbeidsløyse, og utflytting. Rådmannen er fortsatt uroa for konsekvensane av reduserte inntekter sjølv om veksten i skatteinntekta tok seg opp mot slutten av året.

Investeringsrekneskapet er gjort opp med vesentleg mindre bruk av lånemiddel enn budsjettert. Årsaka er forsinka framdrift på fleire prosjekt og at det har vore kjøpt færre bustadar.

Folketal
Klepp kommune hadde ein vekst på 175 personar i 2017. Veksten på 0,9 % er litt svakare enn i forventa. Klepp hadde 19 217 innbyggjarar ved utgangen av 2017. Det blei født 243 barn i 2017, mot 235 i 2016. 2016 var prega av stor innanlands utflytting på 129 personar. I 2017 vart innflyttinga på 23 personar og det er lågt i eit historisk perspektiv. Årsaka er nok situasjonen på arbeidsmarknaden i regionen.

Tenesteutvikling
Førebygging, tidleg innsats og aktivitet er sentralt i all tenesteutvikling. Klepp arbeider med stadig nye samarbeidsformer som involverer familiar, nettverk og frivillige meir i tenestene.

Klepp vedtok i 2017 ein ny digitaliseringsstrategi, og det vert arbeid saman med andre kommunar i regionen for å utvikla tenestene. Det er i 2017 tatt i bruk nasjonalt utvikla løysingar for betre elektroniske tenester.

Kvalitet, kontroll og etikk
For å betra kvalitetsarbeidet vart det i 2015 teke i bruk eit nytt elektronisk kvalitetssystem. Bruken vart utvida i 2017 til fleire område. Sentrale etiske verdiar fastsett i reglementet er at kommunen sine tilsette skal vera opne og ærlege, visa respekt og ha lik behandling av alle.

Tilsette
Av dei 1454 fast tilsette i kommunen er 1223 kvinner og 233 menn (84% kvinner). 43,5 % av dei tilsette jobbar deltid, ei nedgang frå 44,8 % i 2016. Det var 35 lærlingar ved slutten av 2017.
Sjukefråværet var i 2017 på 7,2 %. Dette er på same nivå som i 2016, men over målsettinga på 6 %. Det er viktig med godt arbeid i avdelingane for å skapa arbeidsglede og førebyggja sjukefråvær.
Klepp kommune arbeider gjennom sin personal- og rekrutteringspolitikk for å fremja likestilling og hindra diskriminering på bakgrunn av kjønn, etnisk bakgrunn, nedsett funksjonsevne, alder og seksuell orientering.

Framtidsutsikter
Endra samanseting av befolkninga fører til endring i tenester og prioriteringar mellom desse.
Det er venta stramare økonomiske rammer samtidig som behov for kommunale tenester aukar.
Det vert viktig å sikra og utvikla kompetanse på digitalisering, omstilling, tenesteutvikling m.m. for å ta i bruk smarte løysingar i samfunnsutviklinga for våre innbyggjarar.

Takk til alle tilsette, folkevalde, lag og organisasjonar for stor innsats i 2017.




Kleppe, 22. mars 2017

Torild Lende Fjermestad

Rådmann