<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Skatt

Skatteveksten i 2017 fulgte den svake utviklingtrenden dei siste åra.  Skatteinntekta vart 13,4 millionar lågare enn opprinneleg budsjettert, og omlag 7,7 millionar lågare enn i 2016.    

Skatteveksten starta svakt i 2017.  Skatteanslaget vart difor nedjustert både i 1. og 2. tertialrapport frå 540 til 521 millionar.  Skatteutviklinga betra seg dei siste månadene av 2017, spesielt vart november betre enn venta.  Betringa dei siste månadene skuldast nedgangen i arbeidsløysa, spesielt etter sommaren.

Skatteinngang

Veksten gjennom året vart vesentleg svakare i Klepp enn for landet samla.  Det vart budsjettert med eit nivå på 98 % av landsgjennomsnittet pr. innbyggjar.  Resultatet vart 92,8 %, og gav Klepp ei skatteutjamning i rammetilskotet på 17 millionar meir enn budsjettert. 

Nedgangen er 12,4 % frå høgste nivået på 105,2 % i 2014.  Nedgangen er både rask og stor.  Tal frå dei siste månadene tyder på at nedgangen har stoppa, men det er ikkje noko som tyder på ei vesentleg betring.

Regjeringa utarbeida anslag for skatteinntektene samla for  kommunane i samband med statsbudsjettet for 2017, i revidert nasjonalbudsjett 2017, samt eit oppdatert overslag for 2017 ved fremlegging av budsjettet for 2018.  

Figuren under viser at kommunane samla dei siste åra har fått vesentleg større inntekter enn regjeringa har venta, men at det svinger.  I 2014 vart nasjonal skatteutvikling vesentleg svakare enn venta, mens Klepp hadde eit godt resultat.

I 2017 vart regjeringa sitt anslag nedjustert i revidert nasjonalbudsjett i mai, men så vesentleg oppjustert i samband med statsbudsjettet for 2018 i oktober.

Nasjonal skatteinngang fleire år