<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Rammetilskot

  • Rammetilskotet for 2017 vart på  435 millionar mot opprinneleg budsjettert 416,4 millionar.  Rammetilskotet i 2016 var på 414,4 millionar. 
  • Auka rammetilskot skuldast:
    • Auka inntektsutjamning på 16,6 millionar som følgje av skattenedgangen i Klepp og auka for landet.
    • Klepp budsjetterte med 3,1 millionar i skjønn til språkdeling.  Det vart tildelt 2,8 millionar.  Klepp har høgaste tal på språkdelingsgrupper i Rogaland.
    • Klepp fekk tildelt 0,4 millionar i ekstraordinært skjønn til særskilte prosjekt i tenesteområdet for helse og velferd.

Figuren under viser skatteutviklinga i Klepp samanlikna med landet dei siste åra.  Denne er grunnlaget for utrekninga av inntektsutjamninga.

  • Skatteinntekta pr. innbyggjar er redusert frå 105,2 % til 92,8 %.  Figuren viser at Klepp fram til 2016 vart trekt i rammetilskotet for å gje kompensasjon til kommunar som låg lågare enn landsgjennomsnittet, mens Klepp i 2017 mottok inntektsutjamning.
  • Det vart lagt til grunn 98 % i budsjett for 2017.  I 2018 er det venta 94,1 %.

Skatt i %

Figuren under viser samansetninga av kostnadsindeksane i rammetilskotet.  Landsnittet tilsvarar ein indeks på 1,0. 

  • Samla kostnadsindeks gjekk ned frå 0,974 til 0,969. 
  • Klepp sin samla kostnadsindeks har sidan 2011 lege rundt 97 - 98 %. Det betyr 2 - 3 % rimelegare i drift enn gjennomsnittet av kommunane. 
  • Endring i indeksane i 2017 forklarar det vesentlege i samla nedgang.

Kostnadsindekser

  • Klepp har ein lågare del av folketalet med høgare utdanning enn landgjennomsnittet.
  • Ein høgare del av barn utan kontantstøtte.
  • Færre flyktningar utan integreringstilskot.
  • Få ikkje-gifte over 66 år.
  • Låg andel psykisk utviklingshemma (PU) over 16 år.
  • Lågare dødelegheit.
  • Mange unge innvandrarar.
  • Kriteriane "sone og nabo" viser at det er korte avstander i Klepp.
  • Basistillegget vart nedjustert for å stimulera til kommunesamanslåing i samband med endringane i kriteriane frå 2017.
  • Samansettinga av folketalet er det viktigaste for fordeling av rammetilskotet. Klepp har ei ung befolkning.
  • 21 % fleire skulebarn enn i gjennomsnitt av kommunane, mot 22 % i 2016.
  • 25 % fleire barn i barnehagealder, mot 26 % i 2016.
  • Låg del av befolkninga over 67 år, men andelen aukar.