Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Økonomisk analyse og måloppnåing

Netto driftsresultat på minst 1,5 % av driftsinntektene

 

Netto driftsresultat

  • Netto driftsresulat vart på 31 millionar, tilsvarande 2,3 % i 2017.  Dette er litt betre enn målsettinga på 1,5 % og betre enn budsjetterte 6 millionar.  
  • Den viktigaste forklaringa er mindreforbruk i etatane og til flyktningar.  Skatteinntektene for landet samla, reduserte rentekostnader, samt lågare lønsvekst enn budsjettert bidreg også.
  • Samanlikna med 2016 er resultatet halvert.  Årsaka er i hovudsak reduserte skatteinntekter og reduserte overskot i avdelingane
  • Også Hå og Time har fått redusert driftsresultatet, medan det er betra i Gjesdal.
  • Landstala viser gode resultat for kommunane samla.
  • Det er venta eit svakare resultat i 2018.

 

Lånegjelda skal vera mindre enn 60 % av driftsinntektene

 

Netto lånegjeld

  • Lånegjelda i Klepp held seg stabil målt mot driftsinntektene, og ligg ved utgangen av 2017 lågare enn målsettinga og overslaga i budsjett 2017.  
  • Årsaka er at låneopptaket vart redusert grunna forsinka framdrift på investeringane.  Med vedteken investeringsplan for 2018 vil gjelda i 2018 bli høgare enn målsettinga.
  • Hå og Time ligg nå omlag likt i lånegjeld.  Hå har hatt ei vesentleg auke i lånegjelda dei siste åra grunna store investeringar. Gjelda i Gjesdal har falle noko.

 

Disposisjonsfonda skal vera meir enn 5 % av driftsinntektene

 

Disposisjonsfond

  • Disposisjonsfonda vaks ytterlegare i 2017 og er nå på snaut 13,6 % av driftsinntektene.  
  • Årsaka er mindreforbruk på fleire av rammeområda, avsetting av resultat frå 2016 til disposisjonsfond, og vesentleg meir i tilskot til flyktningar enn budsjettert.
  • Disposisjonsfonda vert redusert når etatane/tenesteområdet disponerar desse i samsvar med fullmakta i økonomireglementet.
  • Hå og Klepp har fond på same nivå.  Time har auka fonda markert dei siste åra.
  • Mindreforbruk (udisponert overskot) for 2017 kjem i tillegg.

 

Mindre enn 70 % av investeringane vert finansiert med lån

 

Lånefinansiering

  • Lånefinansieringa sin del av investeringane var på nivå med 2016, men vesentleg lågare enn budsjettert.  Årsaka er at investeringane vart omlag 100 millionar lågare enn opprinneleg budsjettert.  
  • Time, Gjesdal og Hå ligg på omlag same nivå som Klepp, men har historisk låge under både Klepp si målsetting og faktiske tal.  Spesielt Hå har over tid hatt lite investeringar og brukt overskot frå drifta i finansieringa av investeringane.