Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Framtidsutsikter

Befolkning

  • Etablering av ny verksemd på Orstad og i Kleppe (Jærhagen) tilseier vekst i talet på arbeidsplassar i kommunen i 2018/2019.
  • Barnetalet har dei siste åra gått ned og veksten er redusert. Utviklinga dei neste åra er avgjerande for dimensjonering og prioritering dei komande åra.


Digitalisering

Stor satsing på nye og betre digitale løysingar fører til auka behov for kompetanse, omstilling og gevinstrealisering. Mellom anna er det venta konkrete endringar på følgjande:

  • Løysingar for å kunne søka sosialhjelp digitalt (Digisos).
  • Digitalisering av byggesaksarkiv, landbruksarkiv og oppmålingsarkiv.
  • Flytting av kart baser til sentral lagring hjå Kartverket.
  • Innføring av nytt saksbehandlingssystem for byggesaksbehandling.
  • Velferdsteknologiske løysingar.
  • Digital utsending av fakturaer.

Tenester

  • Nye normer for bemanning i barnehage og skule.
  • Foreldra si rolle i lærings- og oppsedingsarbeidet bør styrkast.
  • Styrking av rustenesta i samsvar med nasjonal opptrappingsplan 2020.
  • Nye metodar innanfor arbeid, aktivitet og oppfølging i psykisk helse og rustenesta.
  • Ny barnevernlov vil medføra meir arbeid med førebygging i tenesta enn tidlegare.
  • Færre flyktningar får konsekvensar for korleis tenesta skal dimensjonerast.
  • Nye og endra arbeidsmåtar krev strukturelle endringar i heile Helse og velferd.
  • Kva er behovet for bustader dei komande åra? Revisjon av bustadsosial handlingsplan vil avklare det.


Lokalsamfunn

  • Vurdering av framtidig utbyggingsareal opp i mot vekst i folketal og nytt jordvernmål.
  • Avklaringar knytt til vidare sentrumsutvikling; kommunehus, kyrkje, aktivitetspark, idrettshall og isbane.
  • Revisjon av regionalplan Jæren vil gje føringar for framtidig utvikling innanfor areal og transport.
  • Utforming og politisk behandling av bompengepakke for Jæren.


Økonomi

  • Staten gjennomfører ny norm for lærartettleik på skulenivå frå hausten 2018. Økonomiske konsekvensar vert kjent våren 2018. Endringa vil gje kommunen redusert moglegheit til innsparing.
  • Staten gjennomfører endringar i pedagognorma i barnehagane frå hausten 2018. Endringa vil gje kommunen redusert moglegheit til innsparing.
  • Budsjett til brann og redning IKS vil vekse dei neste åra som følgje av vedtekne endringar i brøken for kostnadsfordeling og investeringar i nye brannstasjonar.
  • Vedtekne endringar i drift dei neste åra gir behov for avklaring av framtidig bruk av dei bygga som vert ledige.
  • Det er framforhandla ny pensjonsordning for kommunalt tilsette. Dei økonomiske konsekvensane er ikkje kjent.