Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Handlingsmål og resultat

Taktskifte er det styrande dokument for helse og velferd i kommunen. Rehabiliteringsmetodikken kan ein allereie sjå verknaden av. Kvardagsrehabilitering og forebyggjande arbeid bidreg til at fleire greier seg sjølv i eigen heim og liggjetid på institusjon er gått ned.

Hovudmål

God oversikt over dei faktorane i kommunane som påverkar helsetilstanden til innbyggarane.

Alle skal bu trygt og ha gode møteplassar.

  • Har arbeidd for å etablera bustadskontor for samla bustadsosiale verkemiddel.
  • Legg til rette for at brukarar og frivillige skapar møteplassar. 

Kommunale tenester skal bygga på prinsippet om sosial utjamning.

  • Betalingssatsar for kommunale tenester er inntektsregulerte.
  • Legg vekt på om nye tiltak har utjamnande effekt eller ikkje.

Rekruttera godt og ha mange frivillige.

  • Frivilligkoordinator har rekruttert mange nye frivillige.

 

Handlingsmål

Brukarmedverknad

  • Iverksetting av nye arbeidsmetodar som i større grad ivaretek brukarmedverknad.
    • Brukarar er deltakarar i læringsnettverk for gode pasientforløp for eldre og kronisk sjuke.
    • Fleire avdelingar tar i bruk metodikken "Kva er viktig for meg"
  • Nytta brukarkunnskap systematisk i utvikling av tenester
    • Flyktningetenesta har fått eige brukarutval
  • Fleire brukardrivne tilbod
    • Erfaringskonsulent er med i Frokostgruppe-tilbod som likemann, og er med i vidare oppbygging av tilbodet saman med NAV.
    • Etterverngruppe rus – vert dreven av erfaringskonsulent og møtes kvar veke.
    • Brukarar har arrangert erfaringskonferanse, med stor deltaking.
  • Arbeidsmetodane skal vera kunnskaps- og forskingsbaserte.
    • Metoden Inviterande samtaleteknikk er nytta i fleire avdelingar
    • Metoden Vips er tatt i bruk av alle tilsette i demensavdelingar. Det er eit rammeverk i kommunikasjon med demente som tek utgangspunkt i personsentrert omsorg.
    • Deltek saman med Kofor (kompetansesenter for rusforsking) med fleire i utvikling prosjektet teknologistøtte i betringsprosessar for personar med rusvanskar.(etter behandling)

Familie og nettverk

  • Nytta pårørande og familie si erfaring i undervisning av tilsette.
    • I prosjekt «gode overgangar i rehabilitering» i samarbeid med VID(vitenskaplig høgskole) har studentar studert pårørande og tilsette i 3.etg Sirkelen, for få synspunkt frå pårørande, som skal nyttast i utvikling av tenester.
    • «Tiltakspakke demens» er innført i heimetenesta. I denne tenesta er pårørande ein aktiv part i systematisk oppfølging av brukar.
  • Iverksettjing av kompetansetiltak som gjer tilsette betre i stand til å samarbeida med familie og nettverk.
    • Det blir bygd opp kompetanse på nettverksmøteleiing i barn og helse
    • Barnevern har styrka kompetanse på familierådsmetode
    • Kompetanseheving i inviterande samtaleteknikk er gjennomført
  • Gjennomføra pårørande og/eller brukarundersøking i heimetenesta.
    • Det er ikkje gjennomført pårørande- eller brukarundersøkingar. Dette blir gjort i 2017

Frivilliginnsats

  • Gjennomføra prosjekt Frivillig innsats (innovasjonsmiddel Fylkesmannen) og leggja til rette for å implementera i drift.
    • Det er tilsett frivilligkoordinator i 50 % prosjektstilling. (fram til august)
    • Frivilligkoordinator har sett i gang fleire tiltak, blant anna malekurs for personar med demens i institusjon
    • Det er utpeika frivilligkontaktar i alle avdelingar i helse og velferd. Dei deltek på inspirasjonssamlingar og møter med koordinator.
  • Avklara oppgåver og ansvar mellom frivillige og profesjonelle.
    • Vil bli tatt opp i arbeidet med plattform, ein modell for samarbeid mellom kommunen og frivillige i 2017.
  • Sørga for at informasjon om frivillige oppgåver er lett tilgjengelege.
    • Frivilligkoordinator i helse og velferd har tett samarbeid med frivilligsentralen om å gi informasjon ut.
  • Organisera opplæring og rettleiing for frivillige, og legga til rette for gode møteplassar.
    • Frivillige og frivilligkontaktane samlast i frivillig forum og det har vore arrangert inspirasjonssamlingar.
  • Byggja struktur og nettverk mellom frivilligsentral, aktuelle organisasjonar, kyrkja og det offentlege.
    • Har kartlagt alle frivillige lag og organisasjonar i kommunen.
    • Frivilligkoordinator er med i styret for frivilligsentralen og deltek på  samarbeidsmøter der.
    • Eit felles arrangement for frivillige, kommunen og næringslivet er gjennomført.
    • Psykososialt kriseteam nyttar tilsette frå kyrkjene i krisearbeidet i kommunen.

Velferdsteknologi

  • Vera pådrivarar slik at innbyggarar og eigne tilsette kjenner til muligheiter ved velferdsteknologiske løysingar (demobustad mm).
    • Alle tilsette har fått tilbod om opplæring i velferdsteknologi.
    • Fleire tilsette har gjennomført vidareutdanning i velferdsteknologi
  • Ta teknologi i bruk der det er hensiktsmessig (eks nanolæring, språkopplæring, trening,friskliv).
    • Arbeidsgruppe følger opp strategiplan for velferdsteknologi. Dei har starta arbeidet med vurdering/utprøving av ulike teknologiar.
    • Innføring av elektroniske arbeidsplanar i heimetenesta. Heimetenesta startar med opplæring i bruk av nettbrett, slik at brukarjournalar kan nyttast heime hos brukarane.
    • Deltaking i nettverksgrupper for å vurdera felles interkommunalt responssenter.
  • Leggja til rette for at det, der det er muleg, kan søka elektronisk på alle tenester innan helse og velferd – så snart det er mogleg.
    • Det er i dag ikkje muleg å søke på tenester elektronisk. Dette er eit satsingsområde i strategiplan

Samhandling

  • Prøva ut nye samhandlingsformer.
    • Det er etablert faste samarbeidsmøter mellom korttidsavdelinga og heimetenesta for å sikre gode og effektive inn- og utskrivingar.
    • Innføring av nytt dokumentasjonsprogram har gitt nye muligheiter for samhandling om brukarplanar.
    • Nye samhandlingsformer er etablert mellom tilsette på aktivitetssenter og heimesjukepleia for å gi brukarane betre oppfølgjing av ernæringsstatus.
    • Tenestelinken behandlar søknadar om tenester. Hensikta er å auka kvaliteten på saksbehandlinga, samt få eit heilskapleg og tverrfagleg blikk på søknadar og tenestetildeling.
    • Tenestelinken deltek i nettverk med tenestekontor i nabokommunane for læring og erfaringsdeling
    • Bustadane i Smieveien vert driftaa i eit samarbeid mellom Barnevernet og Psykisk helse og rus
    • Frokostgruppa er bærebjelken i samarbeidet mellom Psykisk helse og rus og NAV.
    • Felles tiltaksavdeling i barnevernet er etablert, eit samarbeid mellom Time, Klepp og Hå.
  • Leggja til rette for auka samhandling mellom kommunar, private og frivillige organisasjonar.
    • Frivillig koordinator er kontaktledd mellom avdelingar, frivillige og har starta opp ein dialog med næringslivet i Klepp.
    • Psykisk helse og rus samarbeider med No limitation om ulike tiltak for personar med rusmiddelutfordringar.
    • NAV har kvartalsvise «Morgenmøter» med det lokale næringslivet
  • Vidareutvikla og oppretta planlagde samhandlingstiltak knytt til samhandlingsreforma, eks interkommunalt kompetansesenter.
    • Samarbeid om frisklivssentral på tvers av kommunane er vidareutvikla.
    • Deltar i fagråd etter samhandlingsreforma mellom SUS og kommunane
  • Delta i samarbeidsprosjekt med universitet, høgskular og næringsliv.
    • Vi er fullverdige medlemmer i Norwegian smart care cluster,-samling av offentlege aktørar og bedrifter som arbeidar for innovasjon, forsking og næringsutvikling innan velferdsteknologi. 
    • Har gjennomført rehabiliteringsprosjekt med fokus på gode overgangar mellom tenestene i samarbeid med VID.(vitenskaplig høgskole)
    • Klepp er prosjekteigar av RAPP 1 og 2 (teknologistøtte i betringsprosessar for personar med rusvanskar). Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom KORFOR(kompetansesenter for rusforsking), Recovery competanse (brukarorganisasjon), Safemate og Lyse (privat).

Tidlig innsats og førebygging

  • Utarbeida overordna plan for barn og unge si psykiske helse.
    • Arbeidet er utført, planen vert lagt fram i februar 2017.
  • Revidera plan mot vald i nære relasjonar.
    • Ny plan er utabeida og vedteken november 2016
  • Følgja opp tiltaka i Bustadsosial handlingsplan 2015 – 2017, årleg politisk rapportering.
    • Politisk rapportering vart lagt fram i forkant av budsjettprosessen.
    • Sak om eige bustadkontor er under arbeid.
  • Redusera andelen sosialhjelpsmottakarar, og sørgja for at mottakarar av økonomisk sosialhjelp er i arbeidsretta aktivitet.
    • Ungdomsteam i NAV er etablert og har fått mange ungdommar i aktivitet
    • Samarbeid mellom NAV og +18(ungdom over 18 år med ulike utfordringar knytt til psykisk helse, rus mm) fungerar godt, og skal utviklast vidare.
    • Gjeldsrådgjevar og fagansvarleg for sosiale ytingar er med på informasjonsmøter til alle arbeidsledige som har 6 månader igjen av dagpengeperioden for å unngå overgang til sosialhjelp
  • Gjennomføra ungdomsprosjektet Ny vri,- fråfall i vidaregåande skule (innovasjonsmiddel Fylkesmannen).
    • Prosjektet er gjennomført og det er sett opp fleire oppfølgjingstiltak.

Nye arbeidsmåtar

  • Vidareutvikla kompetanseplanar i tråd med Taktskifte.
    • Kompetanseplanen vert utarbeidd og vedteken kvar haust. Gjennomføring av gjeldande kompetanseplan er i rute.
    • Fagdag om demens er gjennomført i kommunen
  • Sørga for at tilsette har kunnskap om andre aktørar sine roller og fagområde, og skapa arenaer for nye arbeidsmåtar.
    • Etablert system for primærkontaktar i heimetenesta for å betra samarbeidet mellom brukar/pårørande og tilsette.
    • Heimetenesta nyttar prosjektmiddel til innføring av arbeidslag i heimetenesta. Dette for å redusera tal på tilsette som gir heimeteneste til personar med kognitiv svikt
    • Kvardagsrehabilitering er vidareutvikla.
    • Vi har hatt Skanderborg kommune her for å fortelja oss om utviklinga av kommunen som tenesteutøvar, til kommune og innbyggjar som samhandlande partnarar (kommune 3.0)
    • Gjennomført samling med Trine Wulf om temaet brukarbehovsdriven innovasjon.
    • Avdeling Psykisk helse- og rus deltek i læringsnettverk for å implementera Recoverytankegangen i sitt arbeid(støtte i forbetringsprossesar)
    • Familieeininga har tilsett miljøterapeutar som skal gi rettleiing til familiar der barna slit med psykiske utfordringar