Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Framtidsutsikter

Velferd i tida framover må møtast med nye løysingar. Vi må gjera prioriteringar for å sikra rette tenester til rette brukargrupper. Tenestane våre må utviklast slik at gapet mellom dei som greier seg godt og dei som slit blir mindre. Det må satsast meir på førebygging, tidleg innsats, sosialt nettverksarbeid, rehabilitering og bruk av ny teknologi

Tidleg innsats og førebygging

  • Frisklivssentralen vert utvikla vidare i samarbeid med Time, Hå og Gjesdal
  • Kvardagsrehabilitering blir prioritert i vidare satsing på rehabilitering og førebyggjing
  • Sikra rett bruk av alle institusjonsplassar
  • Styrka introduksjonsprogrammet og arbeidet med busetting av flyktningar
  • Organisera aktivitetsplikta for unge sosialhjelpsmottakarar, slik at meistring og moglegheit for ordinært arbeid eller studie blir styrka.
  • Nav vil ha stort fokus på å få arbeidsledige over på tiltak, og begrensa perioden den enkelte treng støtte eller sosialhjelp.

Velferdsteknologi

  • Vidareutvikling av velferdsteknologi og digitalisering av tenestene

Brukermedverknad

  • Involvera brukarar i alt utviklingarbeid i helse og velferd
  • Forsetja arbeidet med å integrera «inviterande samtale» som eit arbeidsverktøy i tenestene for å fremja brukermedverknad.

Familie og nettverk

  • Etablera nye samarbeidsformer som involverar familiar, nettverk og frivillige meir i tenestene
  • Overføra arbeidet som frivillighetskoordinator til alle avdelingar har starta  

Samhandling

  • Arbeida meir tverrfaglig og teambasert i alle tenester

Nye arbeidsmåtar  

  • Rett bruk av kompetanse vil utforda oss til å måtta tenkja nye arbeidsmåtar, samanlikna med dagens praksis.
  • Tettare samarbeid med utdanningsinstitusjonar, forskingsnettverk, næringslivet og andre kommunar.