<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Temaside oppvekst

I lys av visjonen Barna vår framtid har Kommunestyret gjort slikt vedtak i Handlings- og økonomiplan for 2016-19:

Barn og unge i første rekke.

Barn og unge skal prioriterast jf kommunevisjonen. Dette inneber at barn og unge skal ha gode oppvekst- og læringsvilkår og gode fritidstilbod. Kommunen skal særleg via merksemd til barn og unge som av ulike grunnar står i fare for å utvikla vanskar. Tidleg oppdaging og tidlege tiltak er viktig.

Slik vil me ha det:

  • Tidleg oppdaging og tilpassa tiltak er på plass med god samhandling med dei føresette.
  • Oppvekstvilkåra til barn og unge i kommunen er gode.
  • Læringsresultata syner framgang.
  • Kultur og fritidstilboda har breidde og kvalitet.

Etatane har vist korleis dette er følgt opp innan sine område. I denne samanhengen blir det sett søkelys på det tverrfaglege arbeidet og korleis måla er følgt opp gjennom dette.

Oppvekstgruppa blir leia av kommunalsjefane for helse og velferd og for skule og barnehage. 5 leiarar/rådgjevarar frå ulike område i dei 3 etatane er medlemmar av gruppa. Gruppa skal både vurdera tilstanden for barn og unge og sikra at det blir sett i verk koordinerte planar og tiltak.

God samhandling med instansar utanfor kommunen er og viktig. Det gjeld både frivillige organisasjonar, foreldreutval, Politiet og andre offentlege instansar.

Oppvekstgruppa tok til i juni 2015 og har laga ein handlingsplan for dei mest sentrale tiltaka. I årsrapporten for 2015 blei dei viktigaste tiltaka gjennomgått. Oppvekstgruppa konkluderte med 2 prioriteringar for 2016:

  • Arbeidet mot mobbing.
  • Integrering av minoritetsspråklege barn og unge.

Oppvekstgruppa har initiert desse planane:

  • Plan mot vald i nære relasjonar (vedteke 2016)
  • Plan mot fråfall i skule og vidaregåande skule (vedteke 2016)
  • Plan om rus og psykisk helse (blir vedteke vår 2017)
  • Plan og rutinar i forhold til skulevegring (vedteke vinter 2017)

Elles har gruppa følgt opp desse sakene:

  • Styrkingsmiddel til helsestasjon og skulehelseteneste.
  • Styrkingsmiddel til tidleg hjelp i skulen (1. – 4. klasse).
  • Følgt opp tiltaka i Plan mot barnefattigdom med 3 tiltak: styrka frivillighetssentralen med utstyr, reduserte satsar for låginntekstgrupper i kulturskulen og SFO.
  • Følgt opp arbeidet til OUT og SLT for å sjå korleis nye utfordringar kan løysast saman med betre samhandling for tidleg hjelp, drøfta alternativ bruk av desse midla.
  • Følgt opp UngData undersøkinga – gjeld særleg psykisk helse
  • Følgt opp Ny Vri-prosjektet – gjeld særleg korleis hindra fråfall i vidaregåande skule
  • Mobbing er ein del av Plan mot fråfall i skule og vidaregåande skule. Partnarskap mot mobbing er sett i gang, og alle skulane og barnehagane har partnarskap mellom FAU, leiing og fagorganisasjon, og elevråd i skulane. Dette er følgt vidare opp med Partnarskap med lag og organisasjonar for å ha felles haldningar under mottoet: Det må ein landsby til for å hindra mobbing.
  • I Jærskuleregi er det laga nye rutinar for å hindra og følga opp arbeidet mot mobbing. Desse gjeld også barnehagane. Det er oppretta felles Beredskapsteam mot mobbing og «mobbeknapp» på alle barnehagar og skular sine heimesider.
  • Initiert felles kompetanseheving og samhandling gjennom tverrfaglege fellessamlingar i forhold til barn og unge si oppvekst.
  • Arbeidet med integrering av minoritetsspråklege blir følgt opp innanfor dei enkelte avdelingane. Det er ikkje gjort felles tiltak på dette feltet. Det må følgast opp i 2017.

Hovudutfordringa blir nå å realisera planane og følga opp igangsette tiltak til beste for barn og unge med både eit førebyggande perspektiv og følga opp unge som står i fare for å utvikla vanskar. Oppvekstgruppa ser at OUT, SLT og det koordinerande arbeidet kan bli følgt opp av ei samlande stilling med ansvar for implementering av tiltaka i dei ulike planane og halda tråden i alle tverrfaglege tiltak og grupper.