<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Handlingsmål og resultat

Mål og strategi frå Kommuneplanen

Nyskaping og samhandling
Ein effektiv kommune bør vera nytenkande og ta i bruk ny teknologi i jakta på gode løysingar. Dei gode løysingane finn ein og saman med gode samarbeidspartnarar i interkommunalt og regionalt samarbeid.

Innbyggarane får raskt svar på sine henvendingar på nett og e-post.

  • Kommunen sin offisielle e-post vert det svara på straks og med tidfesting av svarfrist.
  • Facebooksida blir svara på kontinuerleg i kontortida eller vidaresendt til aktuell fagavdeling når det krev oppfølgjing av dei.

Kommunen sine e-tenester skal opplevast som effektive og gode av både innbyggarar og tilsette.

  • Elektronisk sending til innbyggjarar med digital postkasse er tatt i bruk i 2016.
  • Mobilbetaling på Axis, kantine m.m. er tatt i bruk i 2016.

Kommunen hentar idear og utviklar tenestetilbodet i samarbeid med andre aktørar.

  • Vidareutvikling av løysingar og rutinar skjer kontinuerleg i samspel med systemleverandørar.
  • Meir integrering mellom fagsystem og sentralt arkivsystem.

 

Handlingsmål

Vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø.

  • Kontinuerleg fokus på sjukefråværsoppfølgjing gjennom rapportering, rettleiing og enkelttiltak.
  • Fokus på oppfølgjing og rask handsaming av personalsaker.

God oppfølgjing av sjukemelde som kan føra til redusert sjukefråvær og god rekruttering.

  • Trygge leiarane i lov- og regelverk gjennom temasamlingar.
  • Betra rettleiing ved spesialisering i personalavdelinga.
  • Tydelege rutinar og klåre retningslinjer gjort enkelt tilgjengeleg i kvalitetssikringssystemet.

Implementera og vidareutvikla bruken av personalsystema.

  • Fullimplimentert nytt reiserekningssystem.
  • Starta implementering av system for ferie og fråvær, personalmelding, og ressursstyring.

Kvalitetssikre og vidareutvikla økonomisk kontroll og rapportering.

  • Forbetring og løypande oppfølging av system for økonomisk rapportering.
  • Løypande økonomisk rapportering på internett som orientering til formannskapet.
  • Samarbeid med nabokommunane har betra grunnlaget for samanlikning.
  • Omlegging av inndeling budsjett 2017 har tilrettelagt for betre analysar og informasjon.

Betra og effektivisera velferda til innbyggjarane.

  • Meir systematisk bruk av KOSTRA, kommunebarometeret, m.m. i drøftinga om prioritering og effektivisering.

Betre kunnskapen og systema for auka tryggleik innan IKT.

  • Nytt system for lagring av data.
  • Forbetra backupsystema.
  • Fornya nettverk/infrastruktur.
  • Kurs i sikkerhet til alle ansatte som brukar IKT.

Bidra til at tilsette og leiarar har eit godt nok kunnskapsnivå i dei elektroniske arbeidsredskapane kommunen nyttar.

  • Informasjon til tilsette ansattportal/intranett.
  • Løpande kursing i eksisterande og nye system.