Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Framtidsutsikter

Klepp kommune held truleg fram som eigen kommune.  Det vert auka fokus på digitalisering for å betre og effektivisere av tenester og i tenesteproduksjon.

Kommunestruktur

  • Resultatet av folkeavstemminga 25. april 2016 og kommunestyrets vedtak 20. juni 2016 la til grunn at Klepp vil halde fram som eigen kommune.  
  • Det er ikkje venta at Stortinget si handsaming av kommunestrukturen i 2017 vil endra på det.

IKT

  • Utviklinga innan IKT går stadig raskare og nye program, app-ar og liknade gjer framtida utfordrande med løysingar vi ikkje kjenner til i dag.
  • Det vil i 2017 bli lagt fram eigen plan for Digitalisering i Klepp både for å forenkle, forbedre og fornye.  
  • Nokre av av utfordringan kring digitalisering er:
    • Kor skal informasjonen vår lagrast?
    • Økonomi, personvern, og datasikkerhet.
    • Kompetanse på samspelet mellom system, leverandørar, tilsette, og innbyggjarar.

Økonomi

  • Forskrifta om innkjøp vert endra frå 2017. Det vert behov for revidering av innkjøpsreglementet.
  • Bruken av elektroniske betalingsformar aukar og nye løysingar som mobilbetaling er venta i nær framtid.
  • Manuelle rutinar vert truleg erstatta med drift, vedlikehald og oppdatering av IKT-systema.

Personal

  • Betre tekniske hjelpemiddel gjer det mogleg å forenkle og effektivisere tidkrevjande manuelle operasjoner.
  • Effektive tenester og god personaloppfølging er avhengig av god informasjonsflyt og tett oppfølging av leiarar. Vedlikehald av gode kanalar for spreiing av informasjon om regelverk, rutinar, lovendringar vert stadig viktigare.