Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Rådmannen si oppsummering

2016 blei til slutt eit godt år økonomisk. Trass i svikt i skatteinntekta i 2014 og 2015 sikra ekstraordinære skatteinntekter i Klepp, og for landet samla, eit godt netto driftsresultat og eit udisponert mindreforbruk på 17,9 millionar.  I årsmeldinga finn du ei oppsummering av nokre av resultata av kommunen si mangfaldige verksemd.

Rekneskap

Rådmannen legg fram rekneskapet for 2016 med eit rekneskapsmessig mindreforbruk (overskot) for drifta på 17,9 millionar kr og eit investeringsrekneskap i balanse.

Netto driftsresultat blei 60 mill kr, tilsvarande 4,5 % av driftsinntektene. Målsettinga var 1,5 %.
Skatteinntektene blei 534 mill kr, 12 mill kr lågare enn opprinneleg budsjett og 14 millionar høgare enn revidert budsjett. Skatteveksten vart lågare i Klepp enn for resten av landet. Årsaka er lågare sysselsetting, auka arbeidsløyse og utflytting.
Rådmannen er fortsatt uroa for konsekvensane av reduserte inntekter sjølv om det er tekn til at nedgangen i økonomien i regionen har snudd.

Tilsette

Tilsette i Klepp kommune legg ned eit fagleg godt arbeid for at innbyggjarane skal få dei rette tilboda.

Av dei 1434 fast tilsette i kommunen er 1208 kvinner og 226 menn (84% kvinner). 45 % av dei tilsette jobbar deltid, 24 % av menn og 49 % av kvinner. Det er færre som jobbar deltid. Det var 34 lærlingar ved slutten av 2016. Det har ikkje lukkast få tak på nok læringar til opptrappinga mot målet på 2 pr tusen innbyggjarar.

Sjukefråværet var i 2016 på 7,2 %. Dette er over målsettinga på 6 % og ei lita auke frå 6,9 % i 2015. Det blir gjort eit omfattande og godt arbeid i avdelingane for å skapa arbeidsglede og førebyggja sjukefråvær.

Klepp kommune arbeider for å fremja likestilling og hindra diskriminering. Dette gjeld både kjønn, etnisk bakgrunn, nedsett funksjonsevne, alder og seksuell orientering. Dette målet er ein del av kommunen sin personal- og rekrutteringspolitikk. Kommunen arbeider også med å leggja praktisk til rette for dette på arbeidsplassane. Medarbeiderundersøkinga i 2015/2016 viste samla framgang på alle overordna områder samanlikna med undersøkinga i 2013.

Folketal

Klepp kommune passerte 19 000 innbyggjarar i 2016 sjølv om veksten på 0,4 % var den lågaste veksten sidan 1990. Klepp hadde 19 042 innbyggjarar ved utgangen av 2016. Det blei født 235 barn i 2016, mot 266 i 2015, og berre 79 døde. Året vart prega av innanlands utflytting på 129 personar. Årsaka er nok situasjonen på arbeidsmarknaden i regionen.

Kvalitet, kontroll og etikk

For å betre kvalitetsarbeidet vart det i 2015 teke i bruk nytt elektronisk kvalitetssystem. Systemet har vore fullintregret i 2016. Arbeidet med vidareutvikling held fram i 2017. Sentrale etiske verdiar fastsett i reglementet er at kommunens tilsette skal være opne og ærlege, visa respekt og ha lik behandling av alle.

Kommunereformarbeid

Kommunereforma hadde stor merksemd i 2016. Klepp deltok først i utgreiing om utfordringane for 8 kommunar. Hausten 2015 vart det etter vedtak i kommunestyret arbeidd med intensjonsavtale for Hå, Klepp og Time om å danna Jæren kommune. Intensjonsavtalen var lagt fram for folkesrøysting 25. april 2016. 73,2 % av sa nei til Jæren kommune. Kommunestyret fulgte folkets råd 20. juni. Fylkesmannen tilrådde heller ikkje samanslåing og truleg vil Stortinget heller ikkje endre på Klepp sin status som eige kommune.

Tenesteutvikling

Førebygging, tidleg innsats og aktivitet er sentralt i all tenesteutvikling. Klepp vil etablera nye samarbeidsformer som involverer familiar, nettverk og frivillige meir i tenestene. Førebyggjande tiltak blei sett i verk for å hindra fråfall i vidaregåande skule. Klepp har størst framgang for gjennomføring i Rogaland frå eit botnnivå til over gjennomsnitt.
Klepp har i 2016 fokusert på innsyns- og sjølvbetente løysingar innanfor plan- og byggesaksbehandlinga. Innsynsløysing for kart, reguleringsplanar og byggesaker er og etablert. Arbeid med digitalisert framtid i barnehage og skule vart og satt i gang.

Framtidsutsikter

Det er viktig å sikra god digital kompetanse internt i organisasjonen. I 2017 vil datasystem innan personal, økonomi og innkjøp, takast i bruk for å frigjera tid til andre oppgåver. I tillegg må me sikra kunnskap om digitalisering og smarte løysingar i samfunnsutviklinga for våre innbyggjarar.

Takk til alle tilsette, folkevalde, lag og organisasjonar for stor innsats i 2016

 

Kleppe, 31. mars 2017

Torild Lende Fjermestad
rådmann