Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Ordføraren si innleiing

2016 går truleg inn i historia som eit spesielt år for Klepp kommune.  Første del av året vart prega av arbeid med intensjonsavtale om nye Jæren kommune.  Så vart det debatt blant politikarar og innbyggjarar som enda i folkeavrøystinga 25. april.  Eit stort fleirtal på 73,2 % ønska at Klepp fortsatte som eigen kommune. 

Mandatet frå folket vart heldigvis så klart at kommunestyret fulgte dette opp i sitt vedtak i juni.  Det er godt at slike krevjande sakar ikkje ender i langvarig strid slik at vi kan utvikle Klepp som samfunn og kommune i godt samspel også i framtida.

2016 var også første heile året i ein ny kommunestyreperiode og i starten av året fekk me folkevalde opplæring i organisering, lovverk og roller som er viktige for å være gode representantar for innbyggjarane og for å leia kommunen på ein god måte.

Budsjettet er eit av våre viktigaste styringssystem for prioritering av fellesskapets ressursar.  For dei tilsette er det ei rettesnor gjennom året.  Når rekneskapen viser at kommunen i 2016 hadde overskot i alle etatar, så er det dei tilsette si ære, og eit teikn på godt samspel mellom folkevalde, leiarar og tilsette.  

Eg vil takke dei tilsette for ein flott jobb med å ta vanskelege val i kvardagen, yte gode tenester til innbyggjarane og samstundes halde eit vakent auge med kva ressursar dei er tildelte.

Folkeveksten er historisk låg med 72 personar, 0,38 %.  Mange fleire har flytta ut og fødselstalet er lågt.  Samtidig døyde færre personar i 2016, det lågaste talet sidan 2010.  Den låge veksten er uvanleg for oss etter 10 år med høg vekst. 

Krisa i Oljesektoren set sine spor også i folketalet.  Låg vekst gjer kommunen mindre press på kapasitet og tenester.  Lat oss bruka «pusterommet» til å ruste oss for ei meir usikker framtid sjølv om veksten nok tek seg opp att.

Klepp passerte 19 000 innbyggjarar i 2016 som den første av Jærkommunane.

Kommunal rapport laga ei rangering som viste at innbyggjarane i Klepp lev lengst i landet. Heile 4 år lenger enn dei kommunane der ein lever kortast. Dette tyder på at det er godt å leve i Klepp.

”Barna vår framtid” er visjonen til Klepp.
Alt kommunen gjer skal forankrast i det å byggje ei god framtid for ungane, og ruste ungane til å lage seg ei god framtid. Undersøkinga viser at ungane trivst betre på skulen og at arbeidet mot mobbing har gitt resultat. Men me er heilt klare på at kvart einaste barn som opplever mobbing, er eit for mykje.

Grunnskulepoenga falt litt frå 2015 til 2016, men har stege sidan 2013.  Det er positivt at fleire elevar har gått direkte frå grunnskule til vidaregåande skule.  Det er positivt å sjå at eksamenskarakterane har betra seg i norsk og matematikk dei siste åra. Det er og ein stor lettelse å sjå at fråfallet frå vidaregåande skule går rette vegen. Dette held me sterkt fokus på. Me kan ikkje la ungdommen vår gjera eit så dårleg val for framtida si at dei droppar ut av skulen.

Talet på barn i barnehage gjekk ned i fjor. Presset på utbygging av nye plasser vart mindre og gav kapasitet til å innfri retten for dei som vart fødd september og oktober.  I Klepp har 92,8 % av barna i barnehagealder plass, mot 88,4 % i Time og 83,5 % i Hå.

Kulturlivet i Klepp er i utvikling og endring.  Medlemskap i idrett gjekk ned medan det aukar i musikk og lagsarbeid.  Det er vekst i aktive på frivillighetssentralen og besøk på biblioteket, sjølv om det vert lånt færre bøker.  Fleire arrangement på biblioteket er truleg årsaka og kjekt å sjå nå som areala til biblioteket er utvida.

Talet på nye bustadar var lågt, men høgare enn i Time og Hå.  Talet på igangsettingstillatingar og byggesøknader var og lågt og heng nok saman med flyttemønsteret.

Det har i helse og velferd vore satsa på kvardagsrehabilitering.  Det har vore ein tydeleg vekst i brukarar av denne tenesta. Brukarane er svært fornøgde med å få trena seg opp til å fungere i livet sitt som dei gjorde før sjukdom eller fall sette dei ut av spel.

Talet på sosialhjelpsmottakarar har auka som forventa ut frå konjunkturane, men ikkje dramatisk og ikkje med store økonomiske konsekvensar for kommunen så langt.

Klepp har vedteke å ta i mot fleire flyktningar og har omorganisert og styrka flyktningetenesta.  I 2016 tok Klepp i mot 51 flyktningar mot 33 året før. Det er viktig at vi alle bidreg i arbeidet med at desse skal finne sin plass hos oss.

Ved utgangen av året var det 1.611 menneske som arbeidde for meg og deg i Klepp kommune. Dei deler på 1.169 årsverk, og 84,2% av dei er kvinner.

Les gjerne gjennom årsrapporten og rekneskapen. Her får eg og du fylja med på korleis det eigentleg går i kommunen. Her er verktøyet vårt for å gjera kommunen endå betre.

 

God lesning


Ane Mari Braut Nese
Ordførar i Klepp