<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Skatt

Skatteinntekta i 2016 vart omlag 30 millionar høgare enn i 2015.  Ordinær skattevekst var liten grunna redusert sysselsetting, folkevekst og nedgang i høge inntekter.  Auka restskatt og korrigeringar på skatt frå 2015 gav samla inntekt på 534 millionar, 12 millionar under opprinneleg budsjett og 14 over revidert budsjett.

Endring skatt

Skatteveksten i 2016 vart lågare enn budsjettert og starta på eit lågare nivå enn budsjettert.  Av veksten i 2016 var omlag 10 millionar tilleggsforskot og 8 millionar restskatt.  Endring av fordelingstala gav ein auke på 8,3 millionar og marginoppgjeret gav 3,7 millionar ekstra.  Alle desse endringane er knytta til skatteåret 2015.  Kun 7,25 millionar av veksten i 2016 skuldast ordinære skatteinntekter.  

Skattevekst 2016

Skatteveksten starta svakt i 2016.  Skatteanslaget vart difor nedjustert i 1. tertialrapport.  Innbetaling av tilleggsforskot i mai og juni auka skatteveksten markert.  Veksten auka ytterlegare ut over hausten i samband med innbetaling av restskatt og fekk ein topp i november i samband med at marginoppgjer og fordelingstala vart bokført.

 Skatteinngang

Veksten gjennom året vart svakare i Klepp enn for landet samla.  I starten av året låg skatteinntektane under budsjett.  Veksten samanlikna med budsjett og rekneskap 2015 vart betre etter budsjettrevidering og etter kvart som ekstraordinære skatteinntekter vart bokført.   

Avvik skatteinntekt

Regjeringa utarbeider anslag for skatteinntektane samla for  kommunane i samband med statsbudsjettet, i revidert nasjonalbudsjett, samt eit oppdatert anslag for 2016 ved fremlegging av budsjettet for 2017.  Figuren viser at det dei siste åra vanlegvis kjem inn noko meir enn regjeringane legg til grunn.  For 2014 vart resultatet vesentleg svakara og i 2016 vesentleg betre enn tidlegare år.

Avvik fordelingstal

Fordelingstala for 2015 vart justert i november 2016 etter at viktigaste delen av skatteoppgjeret vart avslutta.  Tala viser at skatt på formue auka vesentleg (ca 20 %).  Toppskatten (som går til staten) gjekk ned, noko som tyder på nedgang i andelen skatteytarar med høg løn. Endringane i formue skuldast truleg tilpassing til ny utbyttebeskatning, og nedgang i toppskatt skuldast truleg konjunktursituasjonen.  Det er venta at nivået på formueskatten vert vidareført i 2016 og 2017.