<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Rammetilskot

Rammetilskotet vart 736.000 høgare enn budsjettert.  Årsaka vart meir i skatteutjamning som følgje av høgare skattevekst for landet enn for Klepp.

RammetilskotTal i heile 1.000,-

  • Den største delen av rammetilskotet vert fordelt som eit likt tilskot pr. innbyggjar. Det vart på 426,7 millionar i 2016.
  • Utgiftsutjamninga er rekna ut frå kriteriar.  Klepp hadde i 2016 ein kostnadsinndeks på 97,45 % av gjennomsnittet for landet. Det gav eit trekk i utgiftsutjamninga på snaut 23 millionar, mot 17 millionar i 2015.
  • Netto inntektsutjamning vart eit trekk på 351.000,- i 2016 mot 6,7 millionar i 2015.
  • Veksttilskotet vart 3,5 millionar i 2016, mot 4,5 millionar i 2015 og 7,2 millionar i 2012.
  • Klepp mottok skjønnstilskot til språkdeling på 3,1 millionar i 2015, mot 2,7 millionar i 2014. Tilskotet vert fordelt etter antal grupper i skulen med språkdeling.  Klepp har flest grupper med språkdeling i Rogaland.

 UtgiftsbehovsindeksLandsnittet tilsvarar ein indeks på 1,0.

  • Samansettinga av folketalet er det viktigaste for fordeling av rammetilskotet. Klepp har ei ung befolkning.
  • 22 % fleire skulebarn enn i gjennomsnitt av kommunane.
  • 26 % fleire barn i barnehagealder.
  • Låg del av befolkninga over 67 år.

Utgiftsbehovsindeks2Landssnittet tilsvarar ein indeks på 1,0.

  • Klepp har ein lågare del av folketalet med høgare utdanning enn landgjennomsnittet.
  • Ein høgare del av barn utan kontantstøtte.
  • Færre flyktningar utan integreringstilskot.
  • Få ikkje-gifte over 66 år.
  • Lågare dødelegheit.
  • Mange unge innvandrarar.
  • Klepp sin samla kostnadsindeks har sidan 2011 lege rundt 97 - 98 %. Det betyr 2 - 3 % rimelegare i drift enn gjennomsnittet av kommunane.  Indeksane vert endra i 2017.