Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Økonomiske målsettingar og resultat

 

Netto driftsresultat på minst 1,5 % av driftsinntektene.

Vurdering av måloppnåing

Netto driftsresultat

  • Netto driftsresulat vart på 60 millionar, tilsvarande 4,5 % i 2016.  Dette er vesentleg betre enn både budsjett og målsettinga på 1,5 %.  
  • Den viktigaste forklaringa er høgare skatteinntektar i Klepp og for landet samla, etatane/tenesteområda brukte mindre enn budsjettert, samt lågare lønsvekst enn budsjettert.
  • Også Time betra resultatet, medan Hå sitt vart noko redusert.
  • Landstala viser historisk gode resultat for kommunane samla.
 

Lånegjelda skal vera mindre enn 60 % av driftsinntektene.

Vurdering av måloppnåing

Netto lånegjeld

  • Lånegjelda i Klepp held seg stabil målt mot driftsinntektene, og ligg ved utgangen av 2016 lågare enn målsettinga og anslaga i budsjett 2016.  
  • Årsaka er at låneopptaket vart redusert grunna utsetting investeringar, samt mindre opptak av startlån enn budsjettert.
  • Hå og Time ligg nå omlag likt i lånegjeld.  Hå har hatt ei vesentleg auke i lånegjelda dei siste to åra grunna grunna store investeringar. 
 

Disposisjonsfonda skal vera meir enn 5 % av driftsinntektene

Vurdering av måloppnåing

Disposisjonsfond

  • Disposisjonsfonda vaks ytterlegare i 2016 og er nå på snaut 12 % av driftsinntektane.  
  • Årsaka er mindreforbruk på rammeområda, samt avsetting av eit godt resultat frå 2015 til disposisjonsfond.
  • Det er venta at disposisjonsfonda vert redusert når etatane/tenesteområdet disponerar desse i samsvar med fullmakta i økonomireglementet.
  • Hå har større fond enn Klepp, men har hatt ein nedgang.  Time har auka fonda litt siste året, men ligg vesentleg lågare enn.
  • Udisponerte overskot for 2016 kjem i tillegg.
 

Mindre enn 70 % av investeringane vert finansiert med lån.

Vurdering av måloppnåing

Lånefinansiering

  • Lånefinansieringa sin del av investeringane var litt redusert i 2016 samanlikna med budsjett.  
  • Hovedårsaka er at Klepp overtok anlegg på 45 millionar etter justeringsavtalar på merverdiavgift.  Justeringsavtalane skal som følje av reviderte rekneskapsreglar frå 2015 førast både som utgift og inntekt og påverkar difor utrekninga på ein måte som ikkje var tiltenkt når målsettinga vart laga.
  • Time og Hå ligg på omlag same nivå som Klepp, men har historisk lege under Klepp si målsetting og faktiske tal.