Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Framtidsutsikter

Resultatet av folkeavstemminga 25. april 2016 og kommunestyrets vedtak 20. juni 2016 la til grunn at Klepp vil halde fram som eigen kommune. Det er ikkje venta at Stortinget si handsaming av kommunestrukturen i 2017 vil endra på det.

  • Utviklinga innan IKT går stadig raskare og nye program, app-ar og liknade gjer framtida utfordrande med løysingar vi ikkje kjenner til i dag.  Det vil i 2017 bli lagt fram eigen plan for Digitalisering i Klepp både for å forenkle, forbedre og fornye.  
  • Betre tekniske hjelpemiddel gjer det mogleg å forenkle og effektivisere tidkrevjande manuelle operasjoner.
  • Det er gjort vedtak for å løysa kapasitetsutfordringane på Bore skule og Kleppe skule.  Endeleg val av lokalisering av ny skule gjenstår.
  • Barnehagebruksplanen i 2017 vil vurdere framtidige behov og løysingar i ein situasjon med stagnasjon og fall i barnetalet.
  • Klepp har trass betringa i gjennomføring på vidaregåande skule med 9 % utfordringar med fråfall frå vidaregåande skule.
  • Kvardagsrehabilitering blir prioritert i vidare satsing på rehabilitering og førebygging
  • Sikra rett bruk av alle institusjonsplassar
  • Styrka introduksjonsprogrammet og arbeidet med busetting av flyktningar
  • Organisera aktivitetsplikta for unge sosialhjelpsmottakarar, slik at meistring og moglegheit for ordinært arbeid eller studie blir styrka.
  • Nav vil ha stort fokus på å få arbeidsledige over på tiltak, og begrensa perioden den enkelte treng støtte eller sosialhjelp.
  • Etablera nye samarbeidsformer som involverer familiar, nettverk og frivillige meir i tenestene
  • Arbeida meir tverrfaglig og teambasert i alle tenester
  • Tettare samarbeid med utdanningsinstitusjonar, forskingsnettverk, næringslivet og andre kommunar.
  • Oppgåvene innan samfunnsplanlegging og samfunnsutvikling blir stadig meir kompliserte og arbeidskrevjande. Dette er delvis eit resultat av at kommunen har medansvar på stadig fleire område i lokalsamfunnet, og delvis som følgje av krav/forventningar frå nasjonale og regionale myndigheter.
  • Bustadbygginga i Klepp har i 2016 vore på eit høgare nivå enn nabokommunane. Talet på godkjende bustader er noko lågare enn talet på fullførte bustader siste året. Den venta nedgongen ser så langt ut til å ha vore mindre i Klepp enn i nabokommunane.
  • Det er høgare andel unge som er aktive i organisert fritidsaktivitet i Klepp enn i landet. Andelen er 71 % i Klepp. Å oppretthalda dette og vidareutvikla fritidstilbodet til dei unge blir prioritert.