<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Handlingsmål og resultat

Hovudmål: Meir læring for alle

Kommunale tenester skal bygga på prinsippet om sosial utjamning.

  • Det er vedteke eigne satsar for låginnteksgrupper når det gjeld betaling for kulturskule og SFO.

Tidleg oppdaging og tilpassa tiltak er på plass med god samhandling med dei føresette.

  • I 2016 har det ikkje vore mogleg å halda seg innafor ramma når det gjeld nok ressursar til barn med ekstra behov i barnehagane.  
  • Rettleiar har gitt barnehagane god kompetanse i opplæring av minoritetsspråklege barn. Opplæringa på skulane har ikkje blitt tilfredsstillande slik målet var.

Oppvekstvilkåra til barn og unge i kommunen er gode.

  • Både elevundersøkinga og Ungdata syner at det er gode oppvekstvilkår i Klepp. Det er laga fleire planar i 2016 for å betre forholda for ungdom med ulike vanskar. (Gjennomføring vidaregåande skule, plan om rus og psykiatri, plan mot vald i nære relasjonar).

Læringsresultata syner framgang.

  • Nasjonale prøver hausten 2016
    • 5.trinn: Elevane i Klepp gjer det best i rekning. Her ligg ein over snittet for landet, medan ein fortsatt ligg litt under snittet i lesing og engelsk.
      8.og 9.trinn: For 8.trinn er ein litt under snittet for landet i dei tre aktuelle faga. 9.trinn er på snittet i rekning og under snittet i lesing.
  • Eksamen:
    • Elevane i Klepp gjorde det best, samanlikna med landet, i matematikk. I norsk hovudmål og norsk sidemål, var ein på/tilnærma på snittet for landet. Svakast resultat var i engelsk, der Klepp ligg 0,4 under snittet for landet.

 Delmål: 

Ein lærande og utviklingsretta organisasjon.

  • Vidare satsing på nettverksarbeid for Jærskulane og Kleppbarnehagane.
    • Styrarane er organiserte i kommunale nettverk, medan rektorane deltar i interkommunale nettverk i regi av Jærskulen. 
  • Hovudfokus i alle ledd på evaluering av kva gjort – korleis verkar det – kva må evt endrast.
    • Vidare arbeid med "Være saman" og rettleiing med Marte Meo for personalet i barnehagane. Fokus er vaksenrolla.
    • Skulane vurderer resultat både med kartleggingsprøvar, nasjonale prøvar og elevundersøkinga.
    • Prosjektet «Ny Vri» er eit døme på korleis evaluering gir grunnlag for utviklingstiltak og forbetringar i verksemda.
  • Samhandling med foreldra og Kommunalt foreldreutval om kultur for læring i Klepp.
    • Hovudutvalet sitt vedtak om heim-skule-samarbeid er følgt opp med skulane og kommunalt foreldreutval. 

Bidra til å utvikla kunnskapsnysgjerrige og kreative barn og elevar.

  • Ha hovudfokus på læringa og utviklinga til barn og elevar i barnehagane og skulane.
    • Læring skjer både i hovudet, i hjartet og med kroppen. Etaten har eitt slikt breitt læringssyn. Alle må meistra.
  • Framleis vektleggja dei grunnleggande kunnskapane.
    • Barnehagane arbeidar målretta med å sikra grunnleggjande språk-/begrepslæring og grunnleggande kunnskap. Skulane byggjer vidare på dette arbeidet. 
  • Framleis ha tydeleg handling og aksjon i forhold til mobbing og mobbesaker.
    • Oversikt over saker dei 4 siste åra er slik:
      2013: 36
      2014: 35
      2015: 29
      2016: 34
    • Alle barnehagane og skulane har fått opp ein mobbeknapp på heimesida som foreldre eller elevar kan nytta for å melda om mobbing.

Tidleg oppdaging og tidleg hjelp for barn og elevar

  • Samhandla tverrfagleg og tverretatleg for å oppdaga hjelpebehov hos barn og elevar og setja inn tiltak tidlegast råd.
  • Omlegging til meir intensiv spesialundervisning og hyppig evaluering.
    • Leiarane for PPT, barnehagane og skulane har saman lagt opp til ei bevisstgjering kring arbeidet. 
    • PPT vrir meir av arbeidet over mot systemretta arbeid for å få meir læring blant dei tilsette i barnehagane og skulane.