<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Framtidsutsikter

  • Det er gjort vedtak for å løysa kapasitetsutfordringane på Bore skule og Kleppe skule.
  • Det har vore nedgang i barnetalet, men utfordringa for Bore og Myrsnibå barnehagar må løysast i barnehagebruksplanen i 2017.
  • Klepp hadde størst framgang i gjennomføring på vidaregåande skule med 9 %. Det er ulikskap i resultata, litt opp og litt ned. Dei siste åra har resultata både i mobbing og på eksamen og nasjonale prøver blitt på landsgjennomsnittet. Jærskulen gir god motivasjon for vidare forbetring.
  • Det blir gitt god opplæring for minoritetsspråklege i barnehagane og på språkstasjonen. I 2017 vil opplæringa av desse elevane på skulane bli forbetra.
  • Den digitale utviklinga vil medføra store endringar i skulen. Nettbrettsatsinga i 2016 ser allereie ut til å skapa entusiasme og motivasjon både hos elevar og tilsette.