Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Handlingsmål og resultat

Tenesteproduksjonen i 2016 har jamt over vore god. Det er framleis eit betydeleg etterslep innan vedlikehald både utomhus og på bygg.

Prioriterte oppgåver i 2016

Kulturelle samlingsplassar på tvers av alder og kulturell bakgrunn

  • Frivilligsentralen har dreve mykje forskjellige aktivitetar med høg oppslutning frå flyktningar og asylsøkjarar.
  • Då asylmottaket i Klepp starta opp vart det arrangert idedugnad for lag, organisasjonar og grupper. Aktivitetet og tiltak som vart starta opp som følgje av det har fått oppfølging.
  • Lag og organisasjonar har fått informasjon og rettleiing om deltaking i kulturlivet for flyktningar.
  • Flyktningar i introduksjonsprogrammet har fått undervisning om frivillighet og delteke i aktivitetar
  • Det har vore arrangert samling for vellag der tema var leikeplassar.
  • Sommarkultur i Kleppeloen har vore arrangert.
  • Ungdataundersøking er gjennomført.
  • Tu gamle skule er etablert som kultur- og fritidslokale.
  • Prosjekt Folkepulsen, som skal skapa auka fysisk aktivitet for inaktive unge og vaksne, nye landsmenn og mennesker med funkjsonsnedsettingar, har starta opp.

Betre planberedskap innan arealplanlegging, vatn og avløp slik at vi tek rette avgjerder

  • Tre arkitektgrupper har teikna alterantive bilder av Kleppe sentrum. Forslaga er evaluert og framtidige strategiar for utvikling av sentrumsområdet vart vedteke. Vidareutvikling og konkretisering av arbeidet held fram i 2017.
  • Det er gjort ei omfattande planlegging av flaumhindrande tiltak på Kleppe.

Tilrettelegging for sykling og anna friluftsliv

  • Det er sett i gang eit planarbeid for skjøtsel av friområda i kommunen.
  • Turveg langs Frøylandsvatnet er lagt om på delar av strekninga. I tillegg er parkeringsplassen ved Gunnarsberget utvida.
  • Eit turveganlegg i Kleppeloen er under opparbeiding.
  • Det er etablert midlertidig park på Meieritomta i Kleppe sentrum.

Redusere vedlikehaldsetterslepet på kommunen sine eigedomar

  • Tildeling av 6,3 mill. kroner i sysselsettingsmiddel er brukt til ekstraordinært vedlikehald.
  • Trass i utbetringar og tiltak for å redusera energiforbruket i kommunale bygg auka dette frå 2015 til 2016. Årsaka er tekniske problem på fleire bygg, problem med server og fleire driftsstimar for ventilasjon som følgje av meir bruk særleg av skulelokale på kveldstid.
  • Energiforbruket i kommunale bygg skal reduserast pr m²:
    2014 2015 2016

    165 kWh/m2

    153 kWh/m2

    161 kWh/m2

Forbetring av standarden på leikeplassane

  • Det er ei betydeleg standardheving av leikearel ved skular og barnehagar. Delar av arbeidet er finansiert med sysselsettingsmiddel og held fram i 2017.
  • Uteområdet ved Engelsvoll skule og ved Orre barnehage er ferdig opparbeidd.
  • Leikeplassar er oppgradert mellom anna i samarbeid med vellag.

Effektivisere saksbehandlinga slik at søkarar får raskare svar

  • Lågare prisar på leigemarknaden og målretta arbeid har redusert ventelistene for kommunale bustadar, ført til raskare sirkulasjon og redusert behov for kjøp og innleige av nye bustadar.
  • Innsynsløysing for byggesaker på nett blei gjort forsøk med i juli. Permanent innsynsløysing var på plass frå årsskiftet.
  • Felles  "startpakke" for SMART – kommunane (15 kommunar i Stavangerregionen) blei tatt i bruk og tilgjengeleg på nett i 2016. Startpakka har felles rutinar og malar innan arealplan, byggesak og geodata. Dette lettar arbeidet for søkjarar i regionen fordi kommunal behandling av planar blir meir lik og forutsigbar.
  • SvarUt, som er ei felles løysing for kommunar for å formidla digital post frå kommunale saksarkiv og fagsystem til både innbyggjarar, næringsliv, offentlege og private organ.

VAR

  • Det er skifta leidningsnett for vatn og avlaup i Furuvegen.
  • Det er tatt i bruk nedgravde contaiarar på Engelsvoll og Orstad skular.
  • Overskotet for sjølvkostområdet vatn var på 3,451 mill. kroner og det er 6,073 mill. kroner på fond. 1 mill kroner av overskotet er korrigering frå tidlegare år, medan 1,7 mill kroner skuldast forsinka gjennomføring av vegomlegging ved Q-meieriet.
  • Overskot for sjølvkostområdet avlaup var på 2,797 mill kroner og det er 2,968 mill kroner på fond. Overskotet er korrigering frå tidlegare år.
  • På sjølvkostområde renovasjon var det eit underskot på 0,662 mill kroner og eit negativt fond på 2,198 mill kroner. Her blei det betalt 1,0 mill kroner for tidlegare års underskot, slik at det reelle resultatet var på om lag 0,4 mill. kroner.  
  • Sjølvkost slam hadde eit overskot på kr 52 943 og fond på kr 90 721.   

Anna

  • Lokal utvikling har i 2016 hatt eit gjennomsnittleg sjukefråvær på 5,9 %. Dette er 0,4 % høgare enn i 2015, og på nivå med dei føregåande åra
  • Den planlagde flyfotograferinga for å oppgradera kartgrunnlaget vart utsett til 2017 av årsaker som kommunen ikkje rår over.