Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Framtidsutsikter

Oppgåvene innan samfunnsplanlegging og samfunnsutvikling blir stadig meir kompliserte og arbeidskrevjande. Dette er delvis eit resultat av at kommunen har medansvar på stadig fleire område i lokalsamfunnet, og delvis som følgje av krav/forventningar frå nasjonale og regionale myndigheter.

  • Bustadbygginga i Klepp har i 2016 vore på eit høgare nivå enn nabokommunane. Talet på godkjende bustader er noko lågare enn talet på fullførte bustader siste året. Den venta nedgongen ser så langt ut til å ha vore mindre i Klepp enn i nabokommunane.
  • Organiseringa av det bustadsosiale arbeidet vil bli endra i 2017.
  • Ta i bruk digitale løysingar for å betre arbeidsprosessar knytt til drift og vedlikehald.
  • Teste ut digitale løysingar der innbyggjarane kan melda inn problem med infrastruktur.
  • Ny stortingsmelding/landbruksmelding - Endring og utvikling – vert behandla våren 2017.
  • Landbruksnæringa investerer framleis i nye bygg og tilleggsjord. Det er ein høg leigejordprosent i næringa.
  • Gjødselvareforskriften er tillyst endra, noko som har følgjer for spreiearealproblematikken og ureining.
  • Omlegging av heile det offentlege saksbehandlingssystemet og søknadsopplegget for produksjonstillegg.
  • Digitalisering av historisk byggesaks- og landbruksarkiv med saker frå 2010 og tilbake i tid.
  • Meir automatisering av byggesaksbehandlinga og mogelegheit til at søkjar kan henta informasjon om eigne byggesaker på nett.
  • Ungdataundersøkinga viser at 90 % trivst på skulen i Klepp. Nasjonale tal er 93 %. Trivselen på skulen har vore relativt stabil i Klepp dei siste seks åra. Å arbeida for auka trivsel, redusert mobbing og redusert skulefråver er satsingsområde.
  • Det er høgare andel unge som er aktive i organisert fritidsaktivitet i Klepp enn i landet. Andelen er 71 % i Klepp. Å oppretthalda dette og vidareutvikla fritidstilbodet til dei unge blir prioritert.