Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Handlingsmål og resultat

Taktskifte er det styrande dokument for helse og velferd i kommunen. Rehabiliteringsmetodikken kan ein allereie sjå verknaden av. Kvardagsrehabilitering og forebyggjande arbeid bidreg til at fleire greier seg sjølv i eigen heim og liggjetid på institusjon er gått ned.

Nytte brukarkunnskapen systematisk i utvikling av tenester

  • Erfaringskonsulent tek del i planlegging av tenester og driv ettervernsgrupper.
  • Brukarmedverknad har vore sentralt i etablering av teneste tilbod. Velferdsteknologiske løysingar er også tekne i bruk

Ha godt samarbeid med familie/nettverk, bygd på gjensidig rolle- og forventningsavklaring

  • Gjennom ansvarsgrupper og nettverksmøter har verksemd Barn og helse fokus på familien som ressurs. Det blir bygd opp kompetanse på nettverksmøteleiing
  • Barn blir kartlagde i høve til informasjons- og oppfylgjingsbehov ved alle nye søknader.

Gi helse- og velferdstenester til dei som treng det mest og bygge på prinsippet om sosial utjamning. 

  • Bustadsosial handlingsplan har ei rekke tiltak som skal bidra til at sosialt vanskelegstilte skal kunne bu trygt og godt. Bustadsosialt arbeid er sentralt i fleire avdelingar, særlig psykisk helse og rus og i nav. Nav har hatt særleg merksemd mot unge sosialhjelpsmottakarar og mellom anna etablert eige ungdomsteam.
  • Flyktningetenesta er styrka, og det blir arbeidd særleg med at fleire skal ut i arbeidslivet etter endt introduksjonsprogram.

Tilby fagleg forsvarleg og samordna tenestar på rett stad til rett tid

  • For å kunne tilby samordna og fagleg gode tenester blei det etablert eit tenestekontor for alle tenester i helse og velferd hausten 201,. kalt Tenestelinken.
  • Søknadar vert behandla og kartlagde i stor grad tverrfagleg og med brukarfokus.
  • Å arbeida fagleg forsvarleg er gjennomgåande tema i etisk- refleksjonsgrupper, og vert elles halde oppe når tenesteutvikling og nye arbeidsformer vert drøfta.

Utvikle tenestene gjennom samhandling med andre kommunar og på tvers av forvaltningsnivå

  • Det er eit utstrakt interkommunalt samarbeid innan legevakt, kommunal ø-hjelps senger, psykisk helse- og rus, barnevern og miljøretta helsevern..
  • Psykososialt kriseteam er frå 2015 eit samarbeid mellom Klepp og Time.
  • Nytt nødnett er teke i bruk i 2015. Det er felles for politi, brann, AMK og legevakta. Det aukar kvaliteten på kommunikasjonen mellom nødetatene. 116117nummer for legevakta tatt i bruk 2015. Sandnes legevakt tok overt telefonformidlinga på dagtid i 2015.
  • NAV Klepp og NAV Time saman med begge kommunane sine flyktningetenester, Bryne kompetansesenter og IMDI har saman starta eit prosjekt ”Jobbsjansen Jæren”. Dette for å laga nye og betre måtar å bistå flyktningar som etter introduksjonsprogrammet framleis står langt unna arbeid.

Dreie fokus mot førebygging, tidleg innsats og aktivitet 

  • Nye helsesysterressursar er brukte til å styrka skulehelsetenesta. Jordmortenesta er styrka med 1,2 årsverk og har gitt ei betre og meir omfattande svangerskapsomsorg.
  • Ny kommunepsykolog i helsestasjonen har auka kapasiteten på denne lavterskeltenesta med 100 %.
  • Pluss 18 gjer i samarbeid med NAV eit tilbod som har fokus på arbeid og aktivitet, til unge med rus og psykiske vanskar.
  • Metodikk som blir nytta i kvardagsrehabilitering blir også implementert i heimesjukepleien. 
  • Kvardagsrehabilitering fokuserar på ”aktiv aldring” og arbeidd for at innbyggarar som står på terskelen til å søke kommunale tenester skal bli meir sjølvhjulpne i kvardagslege gjeremål. Det er eit tverrfagleg team som arbeidar i brukarens heim og nærmiljø. Alle nye søkjarar til heimesjukepleia vert automatisk vurdert med tanke på kvardagsrehabilitering.
  • Prosjekt med frivilligkoordinator har bidrege til eit tydlegare fokus på samarbeid med frivillige. Det er sett i gang fleire nye grupper drivne av frivillige som bidreg til trening, sosialisering og førebyggande helsearbeid.

Ha tenestetilbod med gjennomgåande fokus på meistring og rehabilitering

  • Heimesjukepleia har hatt opplæring i arbeidsmetoden inviterande samtaleteknikk. Dette har påverka tenestetilbodet i ein retning der meistring av eigen kvardag har fått meir fokus.
  • Psykisk helse og rus gjennomfører kartlegging med fokus på ressursar og motivasjon.
  • Tenestelinken skal behandle søknadar på dei fleste tenester i helse og velferd, samt vere eit rettleiande og lett tilgjengeleg kontaktpunkt for kommunen sine innbyggarar.
  • Det skal være tett samarbeid mellom tenestelinken og kvardagsrehabilitering for å sikra rehabiliterings fokus.  
  • Tenestelinken blir helse og velferd sitt ansikt utad og skal samhandla tett med mange.  Kompetansebygging på kommunikasjon og inviterande samtaleteknikk vil bli nødvendig.

Fornye og forbetre tenestene kontinuerleg

  • Nokre avdelingar nyttar LEAN som metode i kontinuerlig forbetringsarbeid.
  • Pluss 18 er eit nytt tilskudd i tenesten. Det er eit tverrfagleg behandlings- og oppfølgingsteam for unge med rus og psykisk liding som er utan arbeid eller aktivitet. Teamet samhandlar tett med NAV og andre helsetenester.
  • Kommunen er også iferd med å byggja opp eit tilbod om ettervern til rusmiddelbrukarar.
  • Det er dei siste 2 åra gjort eit omfattande arbeid i psykisk helse- og rus med å auka kompetanse på sakshandsaming, utvikla ein fast praksis med tverrfaglege kartleggingsbesøk og bruke metodikken ”kva er det beste for deg?”   Denne kompetansen blir vidareført i ny saksbehandlingseining tenestelinken.
  • Det har vore ein gjennomgang for å sjå på arbeidsoppgåver til dei tilsette i merkantile stillingar. Bakgrunnen var effektivisering og samordning av deira oppgåver. Nokre av dei merkantile er tilsett isom saksbehandlere i Tenestelinken
  • Innføring av nytt dokumentasjonssystem(Cosdoc) i Helse og velferd, eit verktøy med vekt på teknologi som kan samhandla med velferdsteknologiske løysingar og gir tilsette ein enklare kvardag.