Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Framtidsutsikter

Komplekse oppgåver vil krevje auka satsing på kvalitetsarbeid og tverrfagleg samhandling for å ivareta brukarsikkerheten. Strategiplanen Taktskifte er det styrande dokument for helse og velferd i kommunen. Utviklinga innan velferdsteknologi vil tvinge fram endringar i tenestetilboda. Brukarkrava vil bli sterkare og tenestene må ha auka fokus på brukarorientering.

Fastlegane

  • Legesentra vil frå 2016 ta i bruk nytt kvalitetsverktøy for å betre pasientsikkerheten
  • 1 legesenter har tatt i bruk nytt elektronisk pasientjournal (EPJ) 2015. Tre nye legesentra skal ta dette i bruk i  2016/2017. Dette gjer samhandling mellom brukarar, kommunale- og  spesialisthelsetenester betre.
  • Auka i tal på administrative oppgåver og pasientar med komplekse lidingar vil stilla større krav til fastlegen sin kompetanse og tilgjengelighet.

Miljøretta helsevern

  • I 2016 vil asylsøkjarene sin busituasjon og barn sitt oppvekstmiljø ha størst prioritet
  • Miljøretta helsevern er ein del av folkehelselova og dette arbeidet  må bli betre integrert i folkehelsearbeidet
  • Det vil vera høgt fokus på smittevern i instutusjonstenesta for å minke sjansen for smittsom sjukdom som krev store ressursar ved pleie og behandling.

Barn og helse

  • Statistikk og undersøkingar på fleire område viser at dei psykiske vanskane aukar hos barn og unge. Det er ei utvikling vi vil søke å bremsa ved å bygge tenestene tettare saman og gje meir saumlause tenester.
  • Det kom ny akuttforskrift frå 01.05.2015. Den set høgare krav til kompetanse hos legane, legevaktspersonell og organisering av Legevakta.
  • Felles tiltaksavdeling for barnevernet i Jærkommunane er framleis under utarbeiding. Helsestasjonstenesta har fått auka sine rammar for 2016. Ressursane vert brukt til å styrka tenestene i familieeininga med miljøterapeutar. Dette gjer det mogleg å gi tenester i heimen som vi ikkje har hatt før. Familieeininga vil med dette auka fokus på barn med psykiske lidingar og dei som utviklar skulevegring.
  • Kommunen har også fått auka sine rammar til psykisk helse- og rusarbeid. Desse midla ønsker vi å nytta til å ta betre vare på dei som kjem attende frå rusbehandling. Her er det stort behov for eit tilbod om rusfrie bustadar og tett oppfølging.

Inngangen 

  • Tenestelinken skal i løpet av året behandla søknadar på dei fleste tenester i helse og velferd, samt vere eit rettleiande og lett tilgjengeleg kontaktpunkt for kommunen sine innbyggarar. Avdelinga er i oppbygging.
  • Vi ønsker tettare samarbeid mellom frisklivsentral, kvardagsrehabilitering og folkehelsearbeid. Dette for å gjere tenestetilbodet retta mot førebyggande, helsefremande og rehabiliterande tenestar meir robust.
  • Frivilligkoordinator i 50 % prosjektstilling har så langt vore eit springbrett for nye tilbod til brukarar. Prosjektstillinga er eit viktig tilskot i arbeidet med å knyta frivillege tettare til tenestane våre.

Heimeteneste

  • Oppfølging av Stortings Melding nr. 26. har eit sentralt tiltak  i meldinga om  ein meir teambasert helse- og omsorgsteneste. Teamene skal ha  som formål å yte, koordinere og tilrettelegga tenester for innbyggarar  med samansatte og komplekse behov, og som har behov for omfattande omsorgstenester.
  • Teknologi vil bli ein av bærebjelkane i framtidas omsorgsteneste. Moderne IKT- løysningar vil i større grad bidra til at innbyggarane kan ta aktive val rundt eiga helse, og gje dei betre høve til å påvirke eige helsetilbod.
  • Utvikling og implemetenring av velferdsteknologi i heimesjukepleia for å møte nye krav til tenesteutøving vil kreva kompetanseheving blant tilsette.
  • Auking av tal på eldre vil medføra at fleire får demens fordi forekomst av demens aukar med høgare alder. Samstundes er personar med demenssjukdom ei samansatt gruppe med spenn i alder, livsstil og sjukdomsbilde. Dette stiller krav til kompetanse og eit godt tilrettelagt tenestetilbod.

Institusjon

  • Institusjonstenesta ønsker auka fokus på pasientsikkerhet.
  • Dyrare legemiddel til behandling/ lindring  av kreftsjuke pasientar er ein kostnad som er aukande.
  • Rekruttering av sjukepleiarar og spesialkompetanse til institusjonstenesta.
  • Pasientane har samansette og alvorlege diagnosar, og kjem til institusjon tidligare i behandlinga. Dei mest hjelpetrengande vert yngre og yngre og dei utgjer ein stor del av tenesteleveringa i institusjon.  Det fører til at dei treng meir kompleks behandling og oppfølging. Dette resulterer i eit stort behov for tverrfagleg samarbeid ,samarbeid med pårørande og spesialisthelsetenesta..

Miljøtenesta 

  • Miljøtenesta er ei verksemd som er i stadig utvikling. Det er vekst i tal på brukarar med auka hjelpebehov i form av  nødvendig helsehjelp og tilrettelagde miljøtiltak.
  • Det er nødvendig med meir tverrfagleg samarbeid samt fokus på å rekruttera og behalda fagfolk i framtida.

Nav og flyktningetenest

  • Auke i arbeidslause vil mest sannsynleg gjere behovet for sosialhjelp større. NAV vil ha fokus på å gjere perioden dei treng motta støtte kortast mogleg. For å gjere dette mogleg må vi ha fokus på å auka samarbeidet med private og offentlege bedrifter for at dei enkelte kan få ny relevant kunnskap og arbeidstrening.
  • Auke i talet på flyktningar kommunen tek i mot vil stille store krav til tenesta. Vi vil ikkje berre ha ansvar for busetting, men og arbeidet med å gjere overgangen til arbeid og utdanning så lett som mogleg. Det arbeidet som er starta her må halde fram med same styrke.
  • Rask overgang til utdanning eller arbeid for ungdommar  vil vera sers viktig. Klepp kommune har over tid hatt mange unge knytta til NAV og vi har difor starta opp arbeid med å auka ressursbruken, styrka  kompetansen og  utarbeida betre måtar å arbeida med denne gruppa på .