Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Barna vår framtid

Born og unge sine oppvekstvilkår i Klepp står heilt sentralt i alt planarbeid. Visjonen gir retning for arbeidet.

Alle avdelingar gjer ein iherdig innsats for å oppfylla visjonen. Utfordringa er samhandling og felles målretta innsats. I sommar blei forsøket med eigen koordinator avslutta.

Kommunalsjefane for helse og velferd og skule og barnehage overtok ansvaret for at dette arbeidet skulle intensiverast. Saman med ei gruppe på 5 personar frå dei 3 etatane har kommunalsjefane danna ei oppvekstgruppe som både skal vurdera tilstanden for barn og unge i Klepp og sikra at det blir sett i verk koordinerte planar og tiltak.

Utfordringa er at det er fleire tiltak som går parallelt og ikkje er koordinerte. Døme på det er foreldrerettleiing for dei foreldra som har barn og unge med ulike utfordringar.

God samhandling med instansar utanfor kommunen er og viktig. Det gjeld både frivillige organisasjonar, foreldreutval og andre offentlege instansar.

Oppvekstgruppa tok til i juni 2015 og har laga ein handlingsplan for dei mest sentrale tiltak. Desse er:

  • Sett i gang arbeid med ny plan mot Vald i nære relasjonar.
    • Den gamle planen er under evaluering og forslag til ny plan blir behandla før sommarferien.
  • Sett ned grupper for å forbetra arbeidet med psykisk helse.
    • Elev- og ungdomsundersøkingane syner at desse problema er aukande.
    • Kontrollutvalet i Klepp har hatt tilsyn med kommunen sitt tenestetilbod til barn og unge med psykiske vanskar. Rapporten peikar på ein del forbetringspunkt. Svar på rapporten vil ligga føre i april.
  • Tverrfagleg gruppe har arbeidd med plan for å hindra fråfall i skule og vidaregåande skule.
    • Planen blei vedtatt 7.3. i Oppvekstgruppa og kjem til politisk behandling.
  • Barnefattigdom: Fulgt opp handlingspunkta frå vedtaket i kommunestyret.

Det er vidare bestemt at desse nye områda skal prioriterast i 2016:

  • Arbeidet mot mobbing.
  • Integrering av minoritetsspråklege barn og unge.