Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Framtidsutsikter

Kommunestruktur

Folkeavstemminga 25 april 2016 vil ha stor påverknad på utfordringane vidare for sentraladministrasjonen i Klepp kommune. Vert det eit ja krev det raskt igangsetting av prosessar for samordning av system og fellestenester i nye Jæren kommune.

IKT

Utviklinga innan IKT går stadig raskare og nye program, app-ar og liknade gjer framtida utfordrande med løysingar vi ikkje kjenner til i dag. Nokre av dei områda ein ser for seg vil trenge vurdering framover er:
• Skylagring, skal vi lagre på nett eller lokalt? Økonomi, personvern, og datasikkerhet er sentrale i vurdering av dette.
• Treng me fleire med teknisk kompetanse eller treng me fleir med kompetanse på korleis nye system påverkar rutinar og organisering?
• Regjeringa si satsing på forenkling og IKT.
• Systemleverandørane: Val og løysingar dei tek har sterke føringar på organisering og kompetanse i eigen organisasjon.

Økonomi

  • Forskrifta om innkjøp vil truleg bli forenkla for m.a. mindre innkjøp. Dette håper me reduserer ”byråkratiet” slik at auka fokus vert brukt på gode innkjøp der verdien for kommunen er stor. 
  • Bruken av E-faktura aukar og i løpet av dei neste åra vil dette være ”normalen”.
  • Tid brukt på manuelle rutinar vert erstatta med drift, vedlikehald og oppdatering av økonomisystema.
  • Behov for revidering av innkjøpsreglement i samband med nye reglar frå 2016.
  • Behov for samordna data og analysar av tilgjengeleg styringsdata.

Personal

  • Tilsette og leiare får stadig betre tekniske hjelpemiddel. Dette gjør det mogleg å automatisera tidkrevjande manuelle operasjoner knytta til skjema ot rutinar.
  • Effektiv og god personaloppfølging er mellom anna avhengig av god informasjonsflyt. Å etablera og vedlikehalde gode kanalar for speiing av informasjon om regelverk, rutinar, lovendringar vert stadig viktigare. Ansattportalen og kvalitetssystemet compilo er sentrale verkemiddel i dette.