Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Rådmannen si innleiing

Årsmeldinga er ei oppsummering av resultata av kommunen si mangfaldige verksemd og nokre av hendingane i året som gjekk. 2015 blei godt år økonomisk. Det var overskot i alle etatane og fond som etatane kan disponera vaks i 2015. Særleg er det grunn til å gleda seg over at tenestområde for helse og velferd har god kontroll på drifta, saman med dei andre.

Rekneskap

Rådmannen legg fram rekneskapet for 2015 med eit rekneskapsmessig mindreforbruk (overskot) for drifta på vel 18 mill kr og eit investeringsrekneskap i balanse.

Netto driftsresultat blei 50 mill kr, tilsvarande 3,9 % av driftsinntektene, målsettinga var på minst på 1,5 %.
Skatteinntektene blei 497 mill kr, 10 mill kr lågare enn revidert budsjett. Nedgangen skuldast truleg lågare sysselsetting, auka arbeidsløyse, og lågare tilflytting til kommunen. Rådmannen er uroa for konsekvensane av dette og følgjer utviklinga løpande.

Tilsette

Tilsette i Klepp kommune legg ned eit stort og omfattande arbeid for at innbyggjarane skal få eit best mulig tilbod.

Av dei 1363 fast tilsette i kommunen er 1154 kvinner og 209 menn (84% kvinner). 49 % av dei tilsette jobbar deltid, 22 % av menn og 54 % av kvinner. Det var 32 lærlingar ved slutten av 2015 som i 2014. Det ligg opptrapping i 2016, mot målet på 2 pr tusen innbyggjarar.

Sjukefråværet var i 2015 på 6,9 %, same som i 2014. Dette er noko over målsettinga på 6 %, men godt under landsgjennomsnittet. Det blir gjort eit omfattande og godt arbeid i avdelingane for å skapa arbeidsglede og førebyggja sjukefråvær.

Klepp kommune arbeider for å fremja likestilling og hindra diskriminering. Dette gjeld både kjønn, etnisk bakgrunn, nedsett funksjonsevne, alder og seksuell orientering. Dette målet er ein del av kommunen sin personal- og rekrutteringspolitikk. Kommunen arbeider også med å leggja praktisk til rette for dette på arbeidsplassane. Det vart gjennomført medarbeidarkartlegging i desember 2015.

Investeringar

Ei dobling av Orre barnehage blei klar rett før jul i 2015. Kjellaren på Erik Raude senteret på Borsheim blei rehabilitert og sett i stand for å nyttast av senteret.

Engelsvoll skule har gjennomgått omfattande tilbygg og rehabilitering som stor sett var klar til skulestart hausten 2015. Arbeidet har budd på overraskingar, som igjen har ført til at budsjettet for arbeidet har sprukke noko.

Det blei tatt i bruk 223 nye bustader i 2015, i 2014 var talet 141.

Folketal

Klepp kommune hadde 18 970 innbyggjarar ved utgangen av 2015. Kommunen vaks med 1,2 %, 229 innbyggjarar i 2015. Dette er nesten ei ytterlegare nedgang frå veksten frå 2014. Det blei født 266 barn i 2015.

Kvalitet, kontroll og etikk

For å betre kvalitetsarbeidet vart det i 2015 teke i bruk nytt elektronisk kvalitetssystem i arbeidet for betra kontroll og kvalitet.  Sentrale etiske verdiar fastsett i reglemennet er at kommunens tilsette skal være opne og ærlege, visa respekt og ha lik behandling av alle. 

Kommunereformarbeid

Kommunereforma har hatt stor merksemd i 2015. Klepp deltok først i utgreiing om utfordringane for 8 kommunar. Hausten 2015 har ein, etter vedtak i kommunestyret, arbeid med intensjonsavtale for Hå, Klepp og Time om å danna Jæren kommune. Spørsmål om danning av Jæren kommune kjem til folkesrøysting 25. april 2016.

Tenesteutvikling

Taktskifte, med auka vekt på rehabilitering, og å leggja til rette for at innbyggjarane skal klara seg lengre i eigen heim, ser også ut til å endra litt på forventningane. Det synes som om innbyggjarane i større grad tar ansvar  sjølv for å skaffa seg ein bustad som det er godt å bli gamal i.

Jærskulen som er eit samarbeid mellom 4 kommunar, er eit viktig bidrag til å få til ei god utvikling med fokus på meir læring for alle. Det er oppretta ei Oppvekstgruppe for å samordna alt arbeid kring barn og unge.

Takk til alle tilsette, folkevalde, lag og organisasjonar for stor innsats i 2015.


Kleppe, 31. mars 2016

Ivar Undheim
rådmann