Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Ordføraren si innleiing

Budsjettet er ute av politikarane sine hender når det er vedteke av kommunestyret. Det er dei tilsette som skal ha budsjettet klart føre seg som ei rettesnor gjennom året. Når regnskapet viser at kommunen i 2015 gjekk med overskot totalt, og i alle etater, så er det dei tilsette si ære. Eg vil difor starte med å takke dei tilsette for ein flott jobb med å ta vanskelege val, yte gode tenester til innbyggjarane og samstundes halde eit vakent auge med kva ressursar dei er tildelte.

Me er nede på ein folkevekst som berre ligg litt over landssnittet. Det er ein uvanleg situasjon for oss etter 10 år med høg vekst. Det er endå folk som vel å bu i lag med oss i Klepp, fleire enn dei som vel å flytte ut av kommunen. Men det er store tal som flytter på seg. Heile 1.203 flytte inn til Klepp, og 1.151 flytte ut. Når me tek med flytting til og frå utlandet, så har me fått 266 nye innbyggjarar i Klepp. Eg vil ynskje alle nye innbyggjarar velkommen til Klepp.

”Barna vår framtid” er visjonen til Klepp.
Alt kommunen gjer skal forankrast i det å byggje ei god framtid for ungane, og ruste ungane til å lage seg ei god framtid. Undersøkinga viser at ungane trivst betre på skulen. Arbeidet mot mobbing har gitt mindre mobbing i følgje fleire undersøkinger. Grunnskulepoenga stig litt kvart år, også frå 2014 til 2015. Men i matte og norsk gjekk resultata ned. Det er framleis noko å jobbe med.

Som landbrukskommune i ei tid med omlegging til større og større bruk er det gledeleg å sjå at endringane fører til meir matproduksjon. Det vert stadig produsert meir mjølk, antalet ammekyr vert fleire, antalet storfe gjekk opp og det vart produsert meir grønsaker på friland. Men antalet dekar med økologisk produksjon går ned. Slår det ikkje heilt an?
Høns, slaktekylling og gris ser det ut til at me etterspør mindre av.

Kommunen brukte mindre straum per kvadratmeter bygg i 2015 i forhold til 2014. Det er gledeleg å sjå at tiltak som varmepumper, fjernvarme med deponigass og ny energieffektiv skule på Tu får den venta effekten.

Veit du forresten at kommunen sel plasten som me hiv i poser og gule dunkar? Det gjer at dei kommunale avgiftene vert lågare. Hjelp til med å gjenvinne mest mulig plast så får du det igjen i låge rekningar. Det er endå mykje å hente, for restavfallet som vert levert til kommunen auker stadig meir (16,4%) enn både plasten (15%), papiret (-1,8%) og det våtorganiske (8,5%). Kvifor resirkulerer me mindre?

Innbyggjarane har nytta muligheten til å snakke med kommunen på Facebook. Og dei får stort sett svar i løpet av ein dag. Heile 109.199 gonger har nokon besøkt heimesida. Den har i løpet av året fått ei ny oversikteleg layout der det er lettare å finne det du vil vite meir om.

Ved utgangen av året var det 1.585 menneske som arbeidde for meg og deg i Klepp kommune. Dei deler på 1.100 årsverk, og 84,2% av dei er kvinner.

Målet om å ha 2 lærlinger per 1.000 innbyggjarar har vore vanskeleg å oppnå. Me var oppe i 1,9 i 2013, men nede i 1,7 no. Det minner meg om kor viktig det er å gå nøye gjennom årsrapporten og rekneskapet kvart år. Her får eg og du fylja med på korleis det eigentleg går i kommunen. Her er verktøyet vårt for å gjera kommunen endå betre.
God lesning


Ane Mari Braut Nese
Ordførar i Klepp