Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Fremtidsutsikter

Folketal
Klepp ventar framleis vekst i folketalet dei neste åra, men størrelsen og samansetninga av veksten er meir usikker enn på lenge.

Inntekter
Auka arbeidsløyse og reduksjonane i oljesektoren kan gje reduserte inntekter dei neste åra.

IKT
Utviklinga innan IKT går stadig raskare og nye program, app-ar og liknade gjer det mogleg å løysa kommunale oppgåver på måtar vi ikkje kjenner til i dag, både for tilsette og elevar.  Utviklinga innan velferdsteknologi vil tvinga fram endringar i tenestetilboda.

Skule
Kapasitetsutfordringane i skulane må løysast ved å sikre meir plass på Bore skule og Kleppe skule. Vardheia ungdomsskule er ein viktig del av denne løysinga.

Det vert utfordrande å gje gode nok opplæringstilbod til minoritets-språklege elevar.

Det er viktig å sjå kvart born og kvar elev for å gje dei meining, meistring og tilhøyre. Tverrfaglege arbeidet for tidleg hjelp er viktig.

Kvalitet
Komplekse oppgåver vil krevje auka satsing på kvalitetsarbeid og tverrfagelg samhandling for å ivareta brukarsikkerheten.

Brukarkrav
Brukarkrava vil truleg bli sterkare og tenestene må ha auka fokus på brukarorientering.

Samfunnsutvikling
Oppgåvene innan samfunnsplanlegging og samfunnsutvikling blir stadig meir kompliserte og arbeidskrevjande. Dette er delvis eit resultat av at kommunen har medansvar på stadig fleire område i lokalsamfunnet, og delvis som følgje av krav/forventningar frå nasjonale og regionale myndigheter.

Bustadbygging
Utbygging av nokre nye felt ser ut til å stanse opp, og det er grunn til å venta ein nedgang i talet på igangsette bustadar den næraste tida.

Jæren kommune?
Folkeavstemminga 25 april 2016 vil ha stor påverknad på framtida for Klepp kommune.  Vert det eit ja krev det raskt igangsetting av prosessar for samordning av system og fellestenester i nye Jæren kommune, og ei avvikling av eksisterande kommune.