<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Handlingsmål og resultat

Hovudmål: Meir læring for alle

Ein lærande og utviklingsretta organisasjon.

  • Vidare satsing på nettverksarbeid for Jærskulane og Kleppbarnehagane.
    Nettverka for styrarane fungerer godt. Det same gjer nettverka for skuleleiarane i regi av Jærskulen. Nettverksarbeidet fører til betre læringsoverføring mellom barnehagane i Klepp og mellom skulane i Jærskulen. Siktemålet med nettverka er styrka leiing, utveksling av ”best practice”, organisasjonslæring og kvalitetsforbetring.
  • Hovudfokus i alle ledd på evaluering av kva gjort – korleis verkar det – kva må evt endrast.
    Alle avdelingane har gjennomgått ståstadanalyse som grunnlag for utviklingsplanane for 2015/16 og lagt dette til grunn for utviklingsområda.
  • Samhandling med foreldra og Kommunalt foreldreutval om kultur for læring i Klepp.
    Hovudutval for skule og barnehage har vedteke 9 punkt for å utvikla samhandlinga med foreldra. Kommunalt foreldreutval og FAU er medverkande i prosessen. Hovudutvalet får tilbakemelding hausten 2016.
  • Ha kollektiv kunnskapsutvikling som leietråd i utviklingsarbeidet i etaten. 
    Barnehagane og skulane arbeider med kollektive tiltak.Tiltaka skal vera baserte på teori og forsking og eigne undersøkingar og analysar. Etatsleiinga og styrarane/rektorane arbeider både for å auka kompetansen i avdelingane og for å samla personalet kring felles haldningar og handlingar.

Bidra til å utvikla kunnskapsnysgjerrige og kreative born og elevar.

  • Ha hovudfokus på læringa og utviklinga til born og elevar i barnehagane og skulane.
    Visjonen ”Meir læring for alle” har sett sterkare fokus på målbare læringsresultat. Samstundes er læring så mykje og kan skje på så mange måtar. Tilsette er opptekne av å sikra meistring her-og-nå og på sikt gjera born og elevar klare for å meistra det framtidige livet.
  • Framleis vektlegga dei grunnleggande kunnskapane.
    Barnehagane og skulane er medvitne om at språk-/begrepslæring, lesing og basiskompetansar skal ha hovudfokus. Skåra på nasjonale prøvar viser framgang. Læringstrøkket er auka. Skulane sine læringsresultat blir no grundig vurderte. Samstundes er det viktig å sikra barn og unge oppleving av meistring og trivsel.
  • Styrka opplæring for minoritetsspråklege elevar vidare.
    Språkstasjonen gjer eit godt tilbod for dei som har plass der. Samstundes er det minoritetsspråklege elevar i vanleg klasse som ikkje får rask og effektiv nok norskopplæring.
  • Framleis ha tydeleg handling og aksjon i forhold til mobbing og mobbesaker.
    FAU-a og kommunalt foreldreutval og alle avdelingsleiarane har gått igjennom arbeidet mot mobbing for å evaluera kva tiltak som verkar og vil halda fram, og kva nye tiltak som må setjast i verk.
    Måltal mobbing: Ein ønsker 0-toleranse for mobbing i skulane, og målet er derfor ingen mobbesaker.
    Det var 20 saker i første tertialrapport. 9 av desse blei avslutta i løpet dei 4 første månadene, slik at det var tiltak på 11 saker vidare. I 2. tertial har det kome 4 nye saker, slik at det har vore 15 saker i 2. tertial. 5 av desse er avslutta ved inngangen til 3. tertial, medan det blei 5 nye saker. 4 saker blei avslutta i 3. tertial. Dermed er det 11 saker som blir behandla vidare i 2016.
    Oversikt over saker dei 3 siste åra er slik:
    2013: 36
    2014: 35
    2015: 29 

Tidleg oppdaging og tidleg hjelp for born og elevar.

  • Hovudmålsettinga er å oppdaga dei borna/elevane, som av ulike grunnar treng ekstra oppfølging og hjelp. Tiltaka blir målretta i forhold til behovet til kvart barn. Dette blir gjort i eit nært samarbeid med føresette. I tillegg blir det satsa på kompetanseheving til dei tilsette, som medverkar til  at kvaliteten på det allmennpedagogiske tilbodet aukar. Det er også stort fokus på  tverrfagleg hjelp, når det gjeld samansette hjelpebehov. Det blir tenkt heilskapeleg rundt borna /elevane, og då må hjelpa innehalda foreldrestøtte. 
  • Samhandla tverrfagleg og tverretatleg for å oppdaga hjelpebehov hos born og elevar og setja inn tiltak tidlegast råd.
    Tverrfagleg samarbeid har vore på dagsorden på 2 leiarmøte. Helse og velferd har delteke på samlingane. Det har vore ei tverretatleg samling der tema var vald og misbruk av barn.Helse og velferd var invitert på samling for barnehagane der tema var barn og psykisk helse.
  • Omlegging til meir intensiv spesialundervisning og hyppig evaluering.
    Leiarane for PPT, barnehagane og skulane har starta dette arbeidet. Fagteamet for barnehagane gir god fagleg breidde og gjer at einingane er mindre sårbare. Det blir arbeidd med at skulane skal gå same vegen.
  • Prioritera ressursar på tidleg opplæring.
    Dei førre åra har det vore ei overføring av 3 stillingar frå ungdomstrinnet til barnetrinnet, men ein har ikkje gått vidare med dette så langt.

 

Tiltak:

Vurdera nye drifts- og organisasjonsformer for å oppretthalda og utvikla kvaliteten i tilbodet til barna og elevane

Oppvekstgruppa starta arbeidet i juni. Denne er samansett av rådgjevarar frå dei 3 etatane med føremål å sikra samhandling i arbeidet med born og unge. Kommunalsjefane for helse og velferd og skule og barnehage leiar arbeidet. Det er i gang tiltak på psykisk helse, gjennomføring av vidaregåande opplæring og arbeid mot mobbing.

Sikra kapasitet i barnehagane og skulane i samsvar med utviklinga av barne- og elevtal gjennom barnehage- og skulebruksplan. 

Barnehage- og skulebruksplanen har blitt behandla i første tertial og det blir arbeidd med å leggja fram ulike alternativ på kapasitetsutfordringane på Bore skule og Kleppe skule. Saka blir avgjort i løpet av våren 2016.
15. desember 2015 var det 35 færre barn som hadde opphald i barnehagane samanlikna med 15. desember 2014. Denne nedgangen er stort sett i dei private barnehagane med 34 barn. Barn frå andre kommunar i dei private barnehagane har ein oppgang på 4 barn, frå 46 i 2014 til 50 pr. 15. desember 2015.

Sikra at alle avdelingane har klare planar for samhandlinga med dei føresette om involvering og samhandling om borna og elevane sitt lærings- og utviklingsarbeid. 

Viser til punktet over om Hovudutvalet sitt vedtak om forsterka samhandling med FAU og heimane. Prosess er starta. Forventningane frå foreldra er sprikande, og foreldre si vilje til å bidra til samarbeid med barnehagen/skulen er varierande. Etatsleiinga utfordrar styrarane/rektorane både på haldningar og rutinar.

Prioritera ressursar til tidleg hjelp og opplæring for minoritetsspråklege born og elevar. 

Klepp deltek nå i prosjektet ”Kompetanse for mangfald”: 4 barnehagar og ein skule deltek. Ei av målsetjingane med prosjektet er å få auka kompetansen på minoritetsspråklege born og deira behov.
Frå hausten 2015 er det og opna for at 1. klassingar kan starta på Språkstasjonen.

Legga om arbeidet til PPT mot meir systemretta arbeid og tilpassa opplæring 

Det er framleis drivkrefter i barnehagane, skulane, andrelinetenesta og blant føresette som bidreg til at fokuset i PPT blir styrt mot einskildsaker. I 2015 var det 138 nytilviste einskildsaker. Det er 41 fleire saker enn i 2014. 21 av sakene var tilvising for grunnskule for vaksne, som er ei dobling frå året før. Frå barnehagane blei det tilvist 38 saker. Når det gjeld skulesakene som blir tilvist, opplever PPT at dei er meir komplekse enn tidlegare, og at fleire omhandlar psykiatri. Ved årsskiftet hadde PPT 524 aktive saker. PPT vil jobba for at elevar som har behov for spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning skal oppleva inkludering og integrering, ved å ha fokus på kva som må endrast på systemnivå.

Gjennomføra gode analysar som grunnlag for forbetringsarbeidet i alle avdelingane. Nytta datagrunnlag og ståstadanalysar når prioriteringar, val og vektleggingar skal gjerast. 

Nytt analyseverktøy (PULS) er innført. Skuleleiarane er instruerte til å nytta resultatanalysar frå PULS, elev- og foreldreundersøkingar, nasjonale prøvar etc. i val av forbetringsområde. Dette blir også initiert gjennom Jærskulen.

Samhandla med vidaregåande opplæring, sosialsektoren og kommunalt foreldreutval om innsats for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring. 

Statistikk viser at Klepp har relativt store utfordringar kring fråfall i vidaregåande opplæring. Årsaka til dette er mange og samansette. Ei tverretatleg arbeidsgruppe har laga eit omfattande analysegrunnlag. Det er sett i gang tverretatlege tiltak.

Nytta programmet ”Være sammen” som grunnlag for sosial kompetanse og arbeid mot krenking og mobbing i barnehagane.

Arbeidet med å implementera dei profesjonelle vaksne i Klepp barnehagen held fram. Den tydelege og varme vaksne vil sjå borna og setja grenser for dei. Vaksne som er kvalitativt saman med borna vil sjå, stoppa og avdekka krenkande åtferd. 

Samhandla med føresette om programmet ”Være sammen” med sikte på å få til varme og grensesettande vaksne. 

Foreldre er dei viktigaste for borna, og det blir utvikla ein endå betre samhandling med foreldregruppa. Det var 2 foreldreinspirasjonskveldar i to pilotbarnehagar i haust. Innhaldet er den pedagogiske grunntanken i vaksne som rollemodellar.

Halda på eit læringssyn som omfattar danning, læring, omsorg og trivsel, men samstundes betra læringsresultata i basisfaga.

Skulane er gode på å arbeida mot desse to måla: Elevane skal både utvikla seg til gangs menneske i samfunnet og kjenna at dei får meistring. Samstundes er det ei forventing om at dei skal yta optimalt i forhold til læring i basisfaga. Skulane opplever det ofte krevjande at sentrale og lokale styresmakter har mest fokus på basisfaga, der skulane ser at trivsel og omsorg er grunnleggande for at elevane skal yta best mulig.