<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Framtidsutsikter

  • I skule- og barnehagebruksplanen blir kapasitetsutfordringane i skulane gjennomgått. Det er lagt fram ulike alternativ for løysing av behovet for meir plass på Bore skule og Kleppe skule. 

  • Det har vore utfordrande å gje gode nok opplæringstilbod til minoritets-språklege elevar. Språkstasjonen fungerer godt, men dei komande åra må opplæringa bli betre tilrettelagt på skulane.

  • Klepp har hatt framgang både i eksamensresultat, grunnskulepoeng og motivasjon og nedgang i mobbetal dei siste tre åra. Men variasjon i resultat mellom skulane er ei utfordring. Og det viktigaste framover er å sjå kvart born og kvar elev for å gje dei meining, meistring og tilhøyre. Det gode tverrfaglege arbeidet for tidleg hjelp er viktig her.

  • Den digitale utviklinga vil medføra store endringar i skulen. Nettbrettsatsinga i 2016 ser allereie ut til å skapa entusiasme og motivasjon både hos elevar og tilsette. Referansar frå andre skular og kommunar er lovande.