Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Handlingsmål og resultat

Tenesteproduksjonen i 2015 har jamt over vore god. Det er framleis eit betydeleg etterslep innan vedlikehald både utomhus og på bygg. Lokal utvikling har i 2015 hatt eit gjennomsnittleg sjukefråvær på 5,5 %. Dette er ei klar forbetring samanlikna med dei føregåande åra og heile 2 % lågare fråvær enn i 2014. Medarbeidarkartlegginga hausten 2014 viser gode resultat, og på dei aller fleste områda er resultata betre enn ved førre kartlegging i 2013.

Prioriterte oppgåver i 2015

  • Jordvernet står sterkt i Klepp. Jordbruksareal omdisponert gjennom regulering i 2015 utgjer berre 68 da, der gravplass utgjer den største posten med 26 da.
  • I 2015 er det ikkje omdisponert jordbruksareal til bustadfelt.
  • Fartshumpane i Kleppekrossen er modifisert og det er montert gatelys med intensiv styrke over gangfelta.
  • Gode tilskotsordningar sikrar gode vilkår for heile breidda av kultur-, fritids- og idrettsorganisasjonar. Samla utbetalt tilskot i 2015 utgjer nær 5,5 mill kr.
  • Oppgradering av leikeplassane er starta opp.
  • Energiforbruket i kommunale formålsbygg (skular, barnehagar og institusjonar) var i 2015 153 kwh/m2 . Dette er ein nedgang på 7 – 8 % samanlikna med 2014 då forbruket var 165 kwh/m2 i gjennomsnitt.
  • Tu skule er bygd som ”passiv-bygg” og er ei viktig forklaring på redusert straumforbruk. Etter eit års drift er energibruken på ca 60 kWh/m². Kravet til passiv-bygg er 75 kWh/m² for skulebygg medan kravet i TEK10 er 110 kWh/m². Dette betyr at energiforbruket på Tu skule ligg ca 20% under kravet til ”Passiv-bygg” og 45,5 % under kravet i TEK10. Bygget er merka med energiklasse A.
  • Ved årsskiftet disponerte kommunen 242 bustadar til utleige til personar som ikkje klarer å skaffe seg eigen bustad. I dette talet inngår 213 bustadar som kommunen eig og 29 innleigde bustadar. 
  • Sentrale endringar i tilskotsregelverk for landbruket har medført meirarbeid for landbruksforvaltninga.
  • Besøk og utlån på biblioteket er stabilt og utlånsautomatane står nå for ca. 20 % av utlånet.
  • Over 300 frivillige har vore engasjerte i arbeid i regi av frivilligsentralen.
  • 2015 var Friluftslivets år, og kulturavdelinga var involvert i overnattingsarrangement i Kleppeloen samt månadlege publikumsarrangement i samarbeid med Time kommune og Jæren friluftsråd.

Nybygg/anlegg

  • Tilbygg til Orre barnehage vart ferdigstilt i 2015 og tatt i bruk 5. januar 2016.
  • Bore gml. Skule – ombygging av lokaler til Eirik Raude Senteret, u. etasje ferdigstilt august 2015.
  • Engelsvoll skule – rehabiltering og ombygging/tilbygg: 67-bygget var ferdig renovert i desember 2014 og blei teke i bruk frå januar 2015. Resten av bygget (85-bygg) var ferdig til ferien og tatt i bruk frå skulestart august 2015. Noko arbeid på uteområdet står att. Det har i heile byggeperioden vore ”vanleg” drift ved skulen.
  • Sirkelen – varmtvannsbassenget måtte stengast hausten 2015 på grunn av skader på fliser. Det viser seg at Stavanger kommune har hatt same problem i Tastahallen der det er brukt same type produkt. Rehabilitering pågår.
  • Tilrettelegging for jobbsykling for tilsette på rådhuset og bygging av gang- og sykkelveg del langs Solavegen. 

VAR

  • Det er bygd ut avløpsanlegg i Skas-området som gjer at dei som bur der er knytt til kommunalt avløpsnett, totalt ca 3000 m. Det er og sanert ca 2500 m vassleidning i same området.
  • Det er sanert ca 750 m hovudvassleidning i Brekkevegen og Engelsvollvegen på Klepp st. og 175 m i Solavegen v/ rådhuset.
  • Avløpspumpestasjonen på Voll er rehabilitert.
  • Sjølkostfonda på vatn, avløp og slam er i pluss, men renovasjon er i minus. Årets finansielle resultat er negativt både for slam og renovasjon.