Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Framtidsutsikter

Oppgåvene innan samfunnsplanlegging og samfunnsutvikling blir stadig meir kompliserte og arbeidskrevjande. Dette er delvis eit resultat av at kommunen har medansvar på stadig fleire område i lokalsamfunnet, og delvis som følgje av krav/forventningar frå nasjonale og regionale myndigheter. Bustadbygginga i Klepp har vore på eit stabilt nivå i 2015, med om lag like mange godkjende og ferdigstilte bustadar for perioden 2011 - 15. Utbygging av nokre nye felt ser ut til å stanse opp og det er grunn til å vente ein nedgang i talet på igangsette bustadar den næraste tida.

  • Nasjonale og internasjonale miljøkrav gir nye utfordringar for utbygging og samfunnsplanlegging. Aktuelle stikkord er overvasshandtering, krav til vasskvalitet i vassdrag og utslepp av klimagassar.
  • Endringane i nasjonale rammevilkår for landbruket vil truleg halde fram med aukande krav til produksjon og effektivitet. Konsesjonslova blir truleg endra i løpet av 2016.
  • Nasjonal folkehelseprofil viser at også Kleppsbuen har livsstil-relaterte helseutfordringar. Klepp ligg dårlegare enn landsgjennomsnittet mellom anna når det gjeld  lesing og rekning i 5. klasse, fråfall i vidaregåande skule og røyking blant kvinner.
  • Arbeidet med kommunestruktur viser at Klepp brukar vesentleg mindre ressursar enn nabokommunane som tilskot til idrettsføremål. Talet på medlemskap i idretten er lågare i Klepp enn i nabokommunane.
  • KOSTRA syner at kommunen bruker mindre ressursar på kulturområdet samla enn t.d. Time og Hå.
  • Klepp manglar eit godt og føremålstenleg kulturbygg som kan fungera som base og arena for ulike kulturaktivitetar.
  • Auka fokus på dyrevelferd etter at Rogaland fekk dyrepoliti i nov. 2015.
  • Arbeid med kulturplan og kulturminneplan har starta opp men det meste arbeidet gjenstår

 

VAR

  • Spesielt fokus på renovasjon og slam for å koma i pluss i forhold til sjølvkostregnskapet.