<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Skatt

Skatteinntekta i 2015 vart på 497 millionar mot opprinneleg budsjett på 516 millionar og revidert budsjett på 507. Reduksjonen skuldast kraftig vekst i arbeidsløysa.  Skatteinntekta for kvar innbyggjar fell frå 105,2 % av gjennomsnittet for landet til 100,2 %

  • Veksten i skatteinntektene vart 1,24 % frå 2014 til 2015. Det er lågaste vekst i % sidan 2011, og markert lågare enn for kommunane samla.
  • Skatteinntektene vart nedjustert i 1. tertialrapport frå 516 millionar til 507 millionar. Endeleg skatteinntekter vart snaut 497 millionar. Nedgangen vart omlag 19 millionar. 3,1 millionar av nedgangen vart kompensert i revidert nasjonalbudsjett.
  • Skatteveksten for landet samla vart på 6 %. Veksten vart 4,8 % for kvar innbyggjar i landet, mot ein nedgang på 0,1 % i Klepp.
  • Veksten i Klepp og for landet samla vært svært ulik. Truleg er den kraftige oppgangen og nedgangen relatert til oljesektoren som forklarar dette. Nærare om sysselsettinga lengre ned.
  • Regjeringa la i statsbudsjettet for 2015 opp til ein skattevekst på 5,6 %. Som følgje av svakare vekst vart skatteveksten nedjustert til 4,6 % i revidert nasjonalbudsjett i mai. Same anslag vart oppretthalde i nasjonalbudsjettet for 2016. Sterk skattevekst uover hausten 2015 gav ein samla skattevekst på 6 % ved utgangen av året. Endringa gjennom året skuldast truleg omlegginga av skatt på trygda, konjunkturendringane relatert til oljesektoren, samt ekstraorinære innbetalingar i desember knytta til skatteendringar frå 2016. Ekstra innbetalingar i desember fører truleg til mindre innbetalingar av tilleggsforskot i april/mai 2016.
  • Klepp hadde den 4 svakaste skatteutviklinga av kommunane i Rogaland.

 

Skatteinngang Klepp

 

Skattevekst

 

Skatt pr innbyggar 2015

 

 Skatt Rogaland 2015

  • Arbeidsløysa i regionen auka kraftig i løpet av 2015.  I Rogaland var auka på 82 % frå desember 2014 til desember 2015.
  • Arbeidsløysa auka med 90 %, tilsvarande 193 personar frå desember 2014 til desember 2015 i følgje tal frå NAV.
  • Gjennomgang av skattetal og media viser at arbeidsløysa i stor grad er knytta til nedgangen i oljesektoren, men og andre industriverksemder samt bygg- og anlegg har vore ramma.

 

Arbeidsledighet Jæren