<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Rammetilskot

Rammetilskotet vart 13 millioner høgare enn budsjettert.  Dette skuldast at budsjettert trekk i inntektsutjamninga vart lågare som følgje av skattesvikten i Klepp og auka skatt for kommunane samla.

Rammetilskot 2015

  • Den største delen av rammetilskotet vert fordelt som eit likt tilskot pr. innbyggjar. Det vart på 423 millionar i 2015.
  • Utgiftsutjamninga er rekna ut frå kriteriar.  Klepp hadde i 2015 ein kostnadsinndeks på 98,11 % av gjennomsnittet for landet. Det gav eit trekk i utgiftsutjamninga på snaut 17 millionar, mot 24 millionar i 2014.
  • Netto inntektsutjamning vart på 6,7 millionar i 2015 mot 20,8 millionar i 2014.
  • Veksttilskotet vart 4,5 millionar i 2015, mot 2 millionar i 2014. I 2012 var veksttilskotet på 7,2 millionar.
  • Klepp mottok skjønnstilskot til språkdeling på 2,7 millionar i 2015, mot 4 millionar i 2014. Tilskotet vert fordelt etter antal grupper i skulen med språkdeling.  Klepp har flest grupper med språkdeling i Rogaland.
  • Det vart motteke 2 tilskot til prosjekt frå fylkesmannen i 2015. 300.00,- til "Frivillig innsats" og 500.000,- til "Å læra frå unge som ikkje fullfører vidaregåande opplæring".

 

Utgiftsbehovindekser Klepp 2015

  • Samansettinga av folketalet er det viktigaste for fordeling av rammetilskotet. Klepp har ei ung befolkning.
  • 21 % fleire skulebarn enn i gjennomsnitt av kommunane.
  • 29 % fleire barn i barnehagealder.
  • Låg del av befolkninga over 67 år.

Utgiftsbehovindekser Klepp 2015

  • Klepp har ein lågare del av folketalet med høgare utdanning enn landgjennomsnittet.
  • Ein høgare del av barn utan kontantstøtte.
  • Færre lågløna enn gjennomsnittet.
  • Få ikkje-gifte over 66 år.
  • Lågare dødelegheit.
  • Mange unge innvandrarar.

Kostnadsindeks utgiftsutjamning

  • Kostnadsindeksen er summen av alle utgiftsbehovindeksane. Den viser om ein kommune har ei samansetting av folketalet, geografi og anna, som vert rekna som rimelegare eller dyrare å driva enn gjennomsnittet.
  • Klepp sin kostnadsindeks har sidan 2011 lege rundt 97 - 98 %. Det betyr 2 - 3 % rimelegare i drift enn gjennomsnittet av kommunane.
  • Klepp, Time og Hå er relativt like vurdert ut frå kostnadsindeksen.
  • Endringa frå 2010 til 2011 skuldast i hovudsak at barn i barnehagealder ikkje var ein del av kostnadsindeksen.