Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Rekneskapsprinsipp

Regnskapsprinsipp viser vurderingane som ligg til grunn for rekneskapen si inndeling, periodisering og liknande.  Til grunn for dette ligg kommunelova sine reglar, samt tilknytta forskrifter, vurderingar og standardar.

Rekneskapsprinsipp

  • All tilgang og bruk av midlar i løpet av året, som gjeld kommunen si verksemd, går fram av drifts- eller investeringsrekneskapen.
  • Alle utgifter, utbetalingar, inntekter og innbetalingar er rekneskapsførte brutto.  Dette gjeld og interne finansieringstransaksjonar.  Alle kjende utgifter, utbetalingar, inntekter og innbetalingar i året er tatt med i årsrekneskapen, anten dei er betalte eller ikkje.  Berre den delen av låna som er brukt i året er ført i investeringsrekneskapen.  Den delen av lånet som ikkje er brukt, er registrert på memoriakonti.
  • Utgifter, utbetalingar, inntekter eller innbetalingar som ikkje kan fastsettast eksakt ved tidspunktet for rekneskapsavlegginga, er registrert med eit anslått beløp i årsrekneskapen.

Klassifisering av anleggsmidlar og omløpsmidlar

  • I balanserekneskapen er anleggsmidlar eigedelar bestemt til varig eige eller bruk for kommunen. Andre eigedelar er omløpsmidlar.
  • Fordringar knytt til eigen vare- og teneste produksjon, samt marknadsbaserte verdipapir som inngår i ei handelsportefølgje er alltid omløpsmidlar.  Andre marknadsbaserte verdipapir er klassifiserte som omløpsmidlar med mindre kommunen har gjort investeringa ut frå næringspolitiske eller samfunnsmessige omsyn.  I slike tilfelle blir verdipapira klassifiserte som anleggsmidlar.
  • Andre fordringar som ikkje går inn i punktet ovafor er omløpsmidlar dersom desse forfell til betaling eit år etter tidspunkt for anskaffinga.  Resten er klassifisert som anleggsmidlar.

Klassifisering av gjeld

Langsiktig gjeld er knytt til formåla i kommuneloven § 50, samt forpliktingar knytta til avtalar om justeringsrett.  All anna gjeld er kortsiktig gjeld.  Neste års avdrag på utlån inngår i anleggsmidlar og neste års avdrag på lån inngår i langsiktig gjeld.  Langsiktig gjeld er vurdert til opptakskost.  Kortsiktig gjeld er vurdert til det høgaste av opptakskost og verkeleg verdi, med unntak av derivat rekneskapsført som sikring.

Vurderingsreglar

  • Omløpsmidlar er vurderte til lågaste verdi av anskaffingskost og verkeleg verdi. Marknadsbaserte finansielle omløpsmidlar er vurdert til verkeleg verdi.
  • Uteståande fordringar er vurdert til pålydande med frådrag for forventa tap.
  • Anleggsmidlar er vurderte til anskaffingskost.  Anleggsmidlar med avgrensa økonomisk levetid blir avskrive med like store årlege beløp over levetida til anleggsmiddelet. Avskrivinga startar året etter at anleggsmidla er skaffa / tatt i bruk.  Avskrivningstida er i samsvar med § 8 i forskrift om årsrekneskap og årsberetning.
  • Anleggsmidlar som har hatt verdifall som blir forventa ikkje å vera forbigåande er nedskrive til verkeleg verdi i balansen.
  • Vurderingane for eigedelar gjeld tilsvarande for kortsiktig og langsiktig gjeld. 

Sjølvkost

Innafor dei rammene der sjølvkost er sett som rettsleg ramme for kva kommunen kan krevja av brukarbetaling, reknar kommunen sjølvkost etter rettleiande retningslinjer frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Mva - plikt og -kompensasjon

  • Kommunen følgjer reglane i mva-lova for dei tenesteområda som er omfatta av lova. For resten av kommunen si verksemd krever kommunen mva-kompensasjon i samsvar med lovverket.
  • På grunn av kontroll av momskompensasjon frå Skatt Vest for termin 5 i rekneskapsåret 2013, har Skatt Vest halde tilbake delar av momskompensasjonskravet for alle etterfølgjande terminar. Saka er ikkje avklart. Til gode momskompensasjon inneheld difor deler av terminane 5 og 6 i 2013 samt delar av alle terminar i 2014 og 2015 i påvente av avklaring. Tilbakeholt beløp er utgiftsført i driftsrekneskapen og mot kortsiktig gjeld.