Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Årsrekneskap

Rådmannen legg fram rekneskapet for 2015 med eit rekneskapsmessig mindreforbruk (overskot) for drifta på vel 18 mill kr og eit investeringsrekneskap i balanse.

Netto driftsresultat blei 50 mill kr. tilsvarande 3,9 % av driftsinntektene, målsettinga var på minst på 1,5 %.

Skatteinntektene blei 497 mill kr. 10 mill kr lågare enn revidert budsjett. Nedgangen skuldast truleg lågare sysselsetting, auka arbeidsløyse, og lågare tilflytting til kommunen. Rådmannen er uroa for konsekvensane av dette og følgjer utviklinga.

Sidene under årsrekneskap inneheld ein gjennomgang av dei viktigaste inntektene, skatt og rammetilskot, og hovudtala for rekneskapen til Klepp kommune i 2015.

Rekneskapsskjema 1A, 1B, 2A og 2B er sett opp i samsvar med vedteke budsjett for Klepp og gjeldande regelverk.  Vesentlege forhold er kommentert.

Økonomiske oversikter og noter er sett opp i samsvar med gjeldande regelverk for kommunar og følgjer same oppsett i alle kommunar.