<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Tydeleg miljøprofil

Livsgrunnlag og trivsel er avhengig av miljøet rundt oss. Produksjon av matvarer med høg kvalitet er vikig i kommunen. Vern av matjord skal difor vega tungt i arealforvaltninga. Klimautfordringane og tap av biologisk mangfald er blant dei største globale utfordringane i dag. Klepp skal gjennom si planlegging og forvaltning vera med på å ta sin del av ansvaret for desse utfordringane. Klepp skal vere bevisst si rolle som forbrukar med tanke på ressursbruk og bærekraft.

Slik vil me ha det:

 

Fleire enn før går eller syklar til skule og arbeid.

Vurdering av måloppnåelse

  • Tiltak i 2015: Tilrettelegging for jobbsykling for tilsette på rådhuset og bygging av gang- og sykkelveg langs Solavegen.
  • Det ligg ikkje føre tal på faktisk sykkelbruk. Det er søkt om tilskot frå fylkeskommunen til etablering av 3 teljepunkt i kommunen. Søknaden vil venteleg bli behandla i løpet av våren 2016.

 

 

Produksjonen av matvarer frå landbruket i Klepp skal auka.

Vurdering av måloppnåelse

  • Resultat i 2015: Husdyrproduksjonane er nokolunde stabile, men med noko oppgang i mjølkeproduksjonen. Bygningsmassen og areala har kun små endringar frå år til år og dermed også produksjonsvolumet.
Indikator 2012 2013 2014 2015
Mjølkekvotar i kommunen 34267 34060 35414 35566
Ammeku 376 473 511 585
Øvrige storfe 11132 11210 11148 11426
Slakta griser 68030 67350 65123 63325
Høns 258213 267153 266450 256935
Slaktekylling 2154883 2352549 2129823 1976711
Grønsaker på friland, daa 3447 3490 3588 3745
Potetareal 2451 1973 1904 1741
Økologisk areal 547 484 511 418

 

 

Gode innsamlings- og gjenvinningsordningar for avfall.

Vurdering av måloppnåelse

  • Kommunen si ordning med innsamling av restavfall ein gong pr månad gir erfaringsmessig god sortering og dette blir bekrefta gjennom stikkprøvar og plukkanalysar.
  • Auken i mengd restavfall bør overvakast.
Indikator (kg/innbyggjar) 2012 2013 2014 2015
Papir 63 60 57 56
Plast 13 13 13 15
Våtorganisk avfall 84 81 82 89
Restavfall 105 110 110 128

 

 

 Energiforbruket i kommunale bygg skal reduserast pr. m2.

Vurdering av måloppnåelse

  • Forbruket av energi pr m2 er gått ned
  • Noko av endringa skuldast at ny Tu skule er teken i bruk, med svært lite energikrevjande bygningsmasse.
  • Energikjelde er elektrisk straum (inkludert varmepumper) og fjernvarme (i hovudsak deponigass), med noko naturgass i tillegg.
Indikator 2012 2013 2014 2015
Energiforbruk kWh pr m2     165 153