<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Eit sunt og inkluderande lokalsamfunn

Klepp kommune skal vere eit samfunn der innbyggarane kjenner seg trygge. Inkludering og integrering er viktig. For at innbyggarane skal oppleva tilhørighet, må alle kjenna at det er bruk for dei. Slike ikkje-materielle verdiar, saman med god fysisk planlegging og utforming, vil danna basis for trivelege og gode oppvekst- og bumiljø. Frivillig arbeid er ein viktig bærebjelke i lokalsamfunnet.

 Slik vil me ha det:

 

God oversikt over dei faktorane i kommunen som påverkar helsetilstanden til innbyggarane. 

Vurdering av måloppnåelse

  • Det er i starten av 2016 etablert ei ny statistikkgruppe for samling, analysering og publisering av helseindikatorar.
 

Alle skal bu trygt og ha gode møteplassar.

Vurdering av måloppnåelse

  • Det er gjennomført store arrangement som Sommarkultur og verdenslandsbyen Klepp.
  • Tu gamle skule er tatt i bruk til kulturføremål/lag- og foreiningslokale.
  • Starta revidering av plan mot vald i nære relasjoner. Laga informasjon på heimesida, arrangert tverrfagleg samling og innarbeidd tema i opplæringsplanar.
  • Alle leikeplassar i skular og barnehagar er kartlagde. Feil, manglar og ulykkesfeller er fjerna. Etablert rutinar for kartlegging og utbetring.
  • Det er arbeid med betre struktur på brannrutinar/-dokumenstasjon i kommunale bygg og innarbeida det i kvalitetssystemet.
Indikator 2012 2013 2014 2015
Aktivitetar, grupper/tiltak i frivillighetssentralen 40 40 40 40

 

 

Kommunale tenester skal bygga på prinsippet om sosial utjamning. 

Vurdering av måloppnåelse

  • Eigenbetaling i SFO, barnehage, heimetenester og institusjon er inntektsgradert.
  • Kommunen nyttar Husbanken sine ordningar for startlån, butilskot, og andre tilskotsordningar for innbyggjarar med behov for hjelp på bustadmarknaden.
  • Eigedomsgebyr er ikkje inntektsgradert i samsvar med lovverk. 
 

Rekruttera godt og ha mange frivillige samarbeidspartnarar. 

Vurdering av måloppnåelse

  • Talet på frivillige deltakarar i frivillillighetssentralen er sterkt aukande
Indikator 2012 2013 2014 2015
Frivillige i frivillighetssentralen 267 253 275 350