<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Ein sunn økonomi som sikrar handlingsrom

Økonomi er eit middel for å kunna etablera og oppretthalda dei kommunale tenestetilboda til innbyggarar og brukarar. Å ha ein sunn økonomi inneber m.a. at kommunen kan tåla svingingar i inntekts- og utgiftsgrunnlaget - utan at det truar tenestetilbodet. Å styre økonomien og ressursbruken er ein nøkkelfaktor, gjennom løpande rapportering og måling av kostnadseffektivitet. Stram styring og kloke økonomiske val gir handlingsrom.

Slik vil me ha det:

 

Netto driftsresultat på minst 1,5 % av driftsinntektene.

Vurdering av måloppnåelse

Netto driftsresultat

  • Netto driftsresulat vart på 50 millionar, tilvarande 3,99 % i 2015.  Dette er vesentleg betre enn både budsjett og målsettinga på 1,5 %.  Den viktigaste forklaringa er at etatane/tenesteområdet brukte mindre enn budsjettert, samt lågare pensjonskostnader enn venta.
  • Også Hå og Tima fekk betra resultat i 2015.
  • Landstala tydar og på betre resultat for kommune samla. Hovedårsaka var kompensasjon av skattesvikt i 1. halvår, og auka skattevekst i 2. halvår for kommunane samla.
  • Pensjonsutgiftane vart lågare enn venta som følgje av lågare lønsvekst og endra føresetnader lagt til grunn frå pensjonskassane.
 

Lånegjelda skal vera mindre enn 60 % av driftsinntektene.

Vurdering av måloppnåelse

Netto lånegjeld

  • Lånegjelda i Klepp held seg stabil målt mot driftsinntektane, og ligg ved utgangen av 2015 lågare enn målsettinga og forventing i budsjett 2015.  Årsaka er høgare samla inntekter, og at ikkje alle lån til bustader er tatt opp så langt.
  • Hå kommune har for første gang i perioden same gjeldsgrad som Klepp.  Time ligg noko høgare. 
 

Disposisjonsfonda skal vera meir enn 5 % av driftsinntektene

Vurdering av måloppnåelse

Disposisjonsfond

  • Disposisjonsfonda vaks i 2015 og er nå på 10 % av driftsinntektane.  Det er dobbelt så høgt som målsettinga.  Hovudårsaka er avsette mindreforbruk på rammeområda, samt vedteken avsetting til pensjonsfond.  Avsettinga til pensjonsfond skal dekka framtidig auke i pensjonsutgiftar.
  • Det er venta at disposisjonsfonda vert redusert når etatane/tenesteområdet disponerar desse i samsvar med fullmakta i økonomireglementet.
  • Hå har større fond enn Klepp og Time har lågare slik som tidlegare.
 

Mindre enn 70 % av investeringane vert finansiert med lån.

Vurdering av måloppnåelse

Lånefinansiering

  •  Lånefinansieringa sin del av investeringane var litt redusert i 2015 samanlikna med budsjett.  Årsaka til dette er:
    • Redusert bruk av lån som følgje av forsinka fremdrift på investeringane, herunder rebudsjettering investeringar.
    • Ekstraløyving Engelsvoll skule og Kleppetunet, finansiert av fondsmidlar.