<-->

Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Barn og unge i første rekke

Barn og unge skal prioriterast jf kommunevisjonen. Dette inneber at barn og unge skal ha gode oppvekst- og læringsvilkår og gode fritidstilbod. Kommunen skal særleg via merksemd til barn og unge som av ulike grunnar står i fare for å utvikla vanskar. Tidleg oppdaging og tidlege tiltak er viktig.

Slik vil me ha det:

 

Tidleg oppdaging og tilpassa tiltak er på plass med god samhandling med dei føresette.

Vurdering av måloppnåelse

  • Det tverrfaglege oppvekstarbeidet er organisert med ei ny overordna gruppe leia av 2 kommunalsjefar
  • Det er igangsett arbeid med planar knytt til barnefattigdom, vald i nære relasjonar, psyisk helse-barn og unge, fråfall i vidaregåande skule m.m.
  • Oppvekstgruppa har hatt hovudfokus på tidleg oppdaging og tilpassa tiltak. Tilsette i barnehagane har eit høgt fokus på tidleg oppdaging. Det er god tverrfagleg samhandling om dette.
  • Det ligg på alle avdelingar å sikra samhandlinga med dei føresette. For foreldre med barn med spesielle behov blir det gitt tilbod om foreldrerettleiing. Oppvekstgruppa vedtok å nytta programmet TIBIR (tidlig innsats barn i risikosonen) som Klepp kommune sitt rettleiingsprogram.
  • Oppvekstgruppa arrangerer felles seminar 2 gonger pr år for leiarar og nøkkelpersonar for å sikra god samhandling mellom desse. 

 

 

Oppvekstvilkåra til born og unge i kommunen er gode.

Vurdering av måloppnåelse

  • Trivselen til elevane i Kleppskulen er god.
  • Arbeidet mot mobbing kan ha gitt effekt sidan fleire undersøkingar syner nedgang.
  • Det er gjort avtale om gjennomføring av ny UNGDATA undersøking i 2016
  • Skulehelsetenesta og familiesamarbeidet i helsestasjonstenesta er styrka. Dette er for å møta den aukande veksten i psykiske lidingar hos unge.
  • Det er sett i gang eit arbeid for å kartlegga årsakssamanhengar bak fråfall i vidaregåande skule.
Indikator 2012 2013 2014 2015
Trivsel  - elevundersøkinga 4,2 4,3 4,2 4,3
Mobbing - elevundersøkinga 4,6 4,7 4,7 4,8
Mobbing – talet saker etter opplæringslova § 9   36 35 29

 

 

Læringsresultata syner framgang.

Vurdering av måloppnåelse

  • Over nokre år har pila peika i rett retning. Det er likevel viktigast å ha fokus på kvart barn og kvar elev og deira meistring og utvikling. 
Indikator 2012 2013 2014 2015
Grunnskulepoeng 38,7 39,6 40 40,5
Eksamen:        
Engelsk 3,6 3,8 3,8 3,8
Matematikk 2,9 3,1 3,3 2,9
Norsk hovudmål 3,2 3,2 3,3 3,2
Norsk sidemål 3,5 3,5 2,9 3

 

 

Kultur og fritidstilboda har breidde og kvalitet. 

Indikator 2012 2013 2014 2015
Eigne barnearrangment biblioteket ja ja ja ja
Auka oppslutning Axis       ja
Medlemskap kultur, idrett & fritidsorganisasjonar 8059 8500 7868 7442