Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Rådmannen si innleiing

Rådmannen legg fram rekneskapet for 2014 med eit rekneskapsmessig mindreforbruk for drifta på kr. 244.130,-, og eit investeringsrekneskap i balanse.

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat blei 16,9 millionar, tilsvarande 1,4 % av driftsinntektene. Dette er lågare enn målsettinga på 2 % og teknisk berekningsutval si nye anbefaling på 1,75 %.

Skatteinntektene

Skatteinntektene blei 490 millionar, om lag 10 millionar meir enn budsjettert, og ein auke på 16 millionar frå 2013. Reelt er auken 26 millionar som følgje av at Klepp fekk 5 millionar for mykje i 2013, som difor blei trekt tilbake i 2014. Skatteinntektene pr. innbyggjar er nå 5 % over landsnitt, mot 2 % under i 2012. Kommunen sitt skattefundament er derfor betra dei siste åra.
På landsbasis svikta skatteinntektene med 2,7 milliardar. Utjamninga av skatteinntektene gav Klepp 12 millionar lågare rammeoverføring enn budsjettert. 2014 gav eit trendskifte i oljesektoren og sysselsettinga i regionen og Klepp. Rådmannen er uroa for konsekvensane av dette i 2015 og følgjer utviklinga løpande.

Etatene

Alle etatane hadde mindreforbruk samanlikna med budsjettramma. Dette er svært positivt og viser at betre rapportering og merksemd på budsjettoppfølginga har gitt auka kontroll med utgiftene. Mindreforbruket er avsett til fond i samsvar med vedtatt økonomireglement. Etatane har nå reservar til å dekka uventa utgifter og inntektssvikt. Situasjonen krev likevel tett oppfølging av kostnader og krevjande prioriteringar for administrasjon og politikarar.

Gebyr VAR

Gebyrinntektene på VAR dekka ikkje utgiftene i 2014.  Underskotet vart 4,6 millionar. Rådmannen legg opp til å dekka dette ved auke i gebyra i 2016.

Folketal

Folketalet var ved utgangen av året på 18.741 personar, ein auke på 256 tilsvarande 1,4 %. Dette er lågare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett. Kommunane rundt oss har hatt ein vekst på mellom 2,2 og 2,9 %. Den låge veksten kan skuldast at tilgangen på bustader har vore låg i 2014, og ein er spent på om auka bustadtilgang i 2015 vil føra til auka vekst.

Investeringar

Investeringane var rekordstore med eit budsjett på 249 millionar. Som følgje av etterslep på rekningar til dei store prosjekta blei det kostnadsført 190 millionar. Dei største prosjekta var bygginga av ny Tu skule som blei tatt i bruk januar 2015, og arbeida på Engelsvoll skule som blir avslutta våren 2015.

Kvalitet og informasjon

For å betra arbeidet med kvalitet og informasjon blei det vedtatt å ta i bruk nye system for kvalitetssikring, innbyggjarportal og tilsettportal. Systema blir tatt i full bruk i 2015. Ein "smakebit" av den nye innbyggjarportalen blei lagt ut før jul og erstatta dei "gamle" internettsidene.

Tilsette

Av dei 1363 fast tilsette i kommunen er 209 menn og 1154 kvinner. Klepp hadde 32 lærlingar. Samla antal årsverk var 1003 mot 1018 i 2013. 49,5 % av dei tilsette jobbar deltid, 22,5 % av menn og 54,4 % av kvinner. Sjukefråværet var i 2014 på 6,9%. Dette er noko over målsettinga på 6 %, og noko opp frå 2013, men på nivå med 2011 og 2012.

Klepp kommune arbeider for å fremja likestilling og hindra diskriminering. Dette gjeld både kjønn, etnisk bakgrunn, nedsett funksjonsevne, alder og seksuell orientering. Dette målet er ein del av i kommunen sin personal- og rekrutteringspolitikk. Kommunen arbeider også med å leggja praktisk til rette for dette på arbeidsplassane.
Samarbeid med tillitsvalde og verneombod i tilsettingar og oppfølging av enkelttilsette, samt rådgjeving og rettleiing av leiarar er sentrale suksessfaktorar i dette arbeidet. Medarbeidarkartlegginga, som vart behandla av administrasjonsutvalet 10. mars 2014, syner ei betring i høve til dimensjonen ”Mobbing, diskriminering og varsling”

Årsmelding på web

Årsmeldinga for 2014 blei for første gong tilpassa presentasjon på nett slik du les ho her. Målsettinga er at årmeldinga skal være meir lesbar no som ein brukar nettbrett i politiske møte, og at tilgangen vert enklare og betre for innbyggarar og andre interesserte. Løysinga gjer det no mogleg å få teksten opplest eller oversett til andre språk, og vil difor vera lettare tilgjengeleg for fleire.

 

Kleppe 31. mars 2015

Ivar Undheim
Rådmann