Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Ordføraren si innleiing

Økonomi
Då eg kom inn i kommunestyret for første gong i 2003, vart eg forskrekka. Økonomien var prega av mørke skyer.

Eg har brukt mykje tid på å setta meg inn i økonomien til kommunen. Men det har stadig kome overraskingar. Eg har sakna det forutsigbare og ein betre oversikt. Me har stressa mykje med det dei siste åra. Me har spurt "kæ kosta dette då?" Og me har etterlyst kor pengane blir av når brukarar går ut av systemet. Me har og spurt det ubehagelege spørsmålet: "kæ kan me kutta ner på for å få råd te dette?"

Politikarar og administrasjon sitt fokus på kostnader, oversikt og budsjettoppfølging har gitt resultat. For første gong på mine snart 12 år som folkevalt, har alle tre etatar klart seg med dei pengane dei har fått tildelt. Og framleis har dei gitt folk gode tenester, folk klagar ikkje nemneverdig, og dei tilsette ser ut til både å trivast og dei held seg friske.

I formannskapet vart eg så jublande glad for dette at eg lova kake til heile kommunestyret og kommunalsjefane.

Grunnen til at eg synes dette er verd å feira, er ikkje berre det at me har eitt år innafor budsjett, men fordi eg ser at det er gjort endringar. Det er laga betre system og ansvar er fordelt på nye måtar. Eg trur rett og slett eg ser teikn på at me kan koma i nærleiken av dette fleire gonger i framtida. Det er det som er så tryggande.

Me kjører stramt i Klepp. Me legg opp til eit lågt driftsresultat, lågare enn alle anbefalingar. Men me betaler heller raskt ned på gjeld. Me har og pengar på bok, så me har ganske god kontroll. Som rådmannen vurderer det: ”Det er ikkje vesentlig finansielle risiko”.

I motsetning til naboane i nord har me faktisk hatt skatteauke i 2014 og. Med tanke på den tida me er inne i, kan me nok ikkje rekna med det så mykje lenger.

Innbyggjarane i Klepp
Me blir stadig fleire i Klepp, men ikkje like raskt som tidlegare. Me har den lågaste folkeveksten sidan 2003, og er på nippet til å mista veksttilskotet. Hadde ikkje regjeringa endra reglane, hadde me ikkje fått i år!
Me har ikkje hatt færre nyfødde sidan 2008, og heller aldri fleire dødsfall. Folk flytter faktisk i frå Klepp, når en ser på netto innanlandsflytting. Og det er me aleine om blant naboane våre.

Det blir stadig fleire bedrifter i Klepp, og fleire arbeidsplassar. Ti fleire gardbrukarar søkte om produksjonstilskot i år enn det blei gjort i 2013.
365 fleire mål med jordbruksareal er tatt i bruk. Men me har lite nydyrking i Klepp, og me skal ikkje vera stolte av å ha omdisponert 488 mål med jordbruksareal.

Klepp frivilligsentral har heile 275 frivillige. Time og Hå har hhv 70 og 110. Dei frivillige gjer ein fantastiske innsats for sine medmenneske, og eg trur også dei gjer ein skikkelig god innsats for si eiga psykiske helse med å vera aktive i lag.

Det er fleire frivillige lag som får tilskot i Klepp enn i Time og Hå til saman!

Men me har ein nedgang på 12-13 % i medlemmer i idrettslag og musikk. Det lover ikkje bra.
Me har overraskande nok mykje større utlån av bøker enn Time. På tross av det fine biblioteket dei har. Men så har dei fleire besøk enn oss.

Den gjennomsnittlige Kleppsbu:
• er ung
• er lågt utdanna
• har høg inntekt - tener 5% meir enn Ola Nordmann, og det gjorde han ikkje for to år sidan
• sender ungane i barnehagen
• er gift som pensjonist
• har mindre sjanse for å bli ufør
• har mindre sjanse for å dø
• er friskare enn andre

Tenester
Helse og velferd har eit godt utgangspunkt og leverer:
Me har tatt i mot alle utskrivingsklare pasientar etter at me fekk system på det i starten av året.
Me har ingen sjukeheimskø.
Kvardagsrehabilitering klarer å få fleire sjølvhjelpne enn målet me sette.
Me har skaffa to bustader ekstra til vanskelegstilte, i tillegg til dei 6 me sette oss som mål.

Me har eit tøft mål om 2 lærlingar pr 1000 innbyggarar. Me er på 1,7 nå. Det er eit mål eg synes me bør gjera meir for å nå. Det går ungdom rundt utan å få lærlingplass. Dei får ikkje gjera seg ferdige med utdanninga, og kjem ikkje i gong i arbeidslivet. Det har me ikkje råd til å sitta å sjå på.

2014 var eit gildt år å vera innbyggjar i Klepp, trur eg.
Kommunen gjorde mykje ut av dei to jubilea. 100 års jubileet for Nordsjøflyginga var stort, både for dei spesielt interesserte og for oss andre. Kulturavdelinga i lag med frivillige og Jærmuseet klarte å laga fleire flotte jubileumsarrangement.
200 års jubileet for grunnloven vart og grundig feira. Begge jubilea samla mykje folk, og folk var blide og glade når dei gjekk heim.

Elevane våre er gode. Dei leverer resultat på linje med resten av elevane i landet i norsk og engelsk. Litt betre i matte, og noko dårlegare i lesing.
Det er grunn til å vera bekymra for at så mange Klepp elevar ikkje gjer seg ferdige med skulegangen. Fråfallet i Klepp toppar statistikken på ein dårleg måte.
Motivasjon, arbeidsro og mobbing er stikkord som kanskje kan forklara noko.
Her er det ting å ta tak i for å oppfylla visjonen "Barna vår framtid".

Årsrapport og rekneskap for 2014 er i ny ”innpakning”.
Digital layout medgode forklarande figurar, og forklaringar på vanskelege omgrep er ei forbetring i vår ”digitale tidsalder” Les om kommunens verksemd i 2014 frå pc, nettbrett og smarttelefon.

Ane Mari Braut Nese
Ordførar