Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Skatt

Skatteinngangen i Klepp har dei siste to åra vore betre enn budsjettert, og betre enn utviklinga i landet.

  • Skatteinngangen i 2014 auka med 16,2 millionar i 2014, ein vekst på 3,43 %.
  • Det vart budsjettert med ein vekst på 1,2 %.  Samanlikna med budsjett vart veksten 2,18 %. Skatteinntektene vart omlag 10,4 millionar høgare enn budsjettert.
  • Feil rapportering frå fleire arbeidsgjevarar gav eit trekk i mai 2014 på omlag 5 millionar, tilsvarande omlag 1 % av inntekta i 2014. Korrigert for dette vart skatteinntektene i 2013 omlag 470 millionar og i 2014 omlag 495 millionar. Korrigert vekst vert då omlag 5,3 %.
  • Skatteveksten for landet var svak i 2014. Regjeringa sitt opphavlege anslag var ein vekst på 3,2 %. Den vart i revidert nasjonalbudsjett nedjustert til 3 %, og i statsbudsjett for 2015 nedjustert til 2,4 %. Skatteveksten vart til slutt på 1,9 %, ein svikt på 2,7 milliardar for kommunane og fylkeskommunane samla.
  • Skattesvikten var det mest markerte sidan 2004 og må sjåast saman med utviklinga i norsk økonomi.
  • Skattesvikten for landet samla rammer Klepp kommune ved trekk i rammetilskotet/inntektsutjamninga. Viser til gjennomgangen av rammetilskotet. Netto medførte skattesvikten eit tap på 2,8 millionar samanlikna med budsjett 2014.
  • Skatteinntektene for kvar innbyggjar har auka markert dei siste 2 åra. Årsaka er truleg auka inntekt og større del av folketalet som er sysselsett.
  • Rådmannen er uroleg for kva verknader skattesvikten for landet samla og den regionale makroøkonomiske situasjonen kan gje i 2015.

Figurane under viser skatteutviklinga i bokførte skatteinntekter og skatt pr. innbyggjar samanlikna med resten av landet, samt skatteutviklinga for landet samla gjennom 2014.

Skatteinngang pr år

Skatt pr innbyggjar og andel sysselsette
Skatteinngang landet 2014