Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Rammetilskot

Ordinært rammetilskot i 2014 vart på 376,9 millionar. Utgiftsutjamninga og skjønnstilskot vart 397,7 millionar og Klepp vart trekt 20,8 millionar i inntektsutjamninga.

Rammetilskot og inntektsutjamning

  • Den største delen av rammetilskotet er utgiftsutjamninga på 393,7 millionar. Denne delen av rammetilskotet er fastsett i statsbudsjettet og endrar seg normalt ikkje i rekneskapsåret.
  • Auken frå 2010 til 2011 skuldast i hovudsak omlegginga i samband med at tilskot til barnehagar vart innarbeida i fordelinga av rammetilskotet. 
  • Inntektsutjamninga gav eit trekk på 20,8 millionar i 2014, omlag 13,2 millionar større enn budsjettert. Årsaka var den auka skatteveksten. Inntektsutjamninga skjer løpande gjennom rekneskapsåret.
  • Klepp mottok og 3,8 millionar i skjønnstilskot frå fylkesmannen som kompensasjon for tal på grupper med språkdeling i grunnskulen. Klepp har høgaste tal på grupper og tilskot til dette i Rogaland.
  • Fylkesmannen gav 0,2 millionar i tilskot til omstillingsprosjekt i helse, sosial og omsorgsetaten i Klepp i 2014.

Utgiftsbehovindekser Klepp 2014

  • Samansettinga av folketalet er det viktigaste for fordeling av rammetilskotet. Klepp har ei ung befolkning.
  • 22 % fleire skulebarn enn i gjennomsnitt av kommunane.
  • 27 % fleire barn i barnehagealder.
  • Låg del av befolkninga over 50 år.

Utgiftsbehovindekser Klepp 2014

  • Klepp har ein lågare del av folketalet med høgare utdanning enn landgjennomsnittet.
  • Ein høgare del av barn utan kontantstøtte.
  • Færre lågløna enn gjennomsnittet.
  • Få ikkje-gifte over 66 år.
  • Del av uføre er litt lågare enn gjennomsnittet.
  • Lågare dødelegheit.
  • Mange unge innvandrarar.

Kostnadsindeks utgiftsutjamning

  • Kostnadsindeksen er summen av alle utgiftsbehovindeksane. Den viser om ein kommune har ei samansetting av folketalet, geografi og anna, som vert rekna som rimelegare eller dyrare å drive enn gjennomsnittet.
  • Klepp sin kostnadsindeks har sidan 2011 lege rundt 97 - 98 %. Det betyr 2 - 3 % rimelegare i drift enn gjennomsnittet av kommunane.
  • Klepp, Time og Hå er relativt like vurdert ut frå kostnadsindeksen.
  • Endringa frå 2010 til 2011 skuldast i hovudsak at barn i barnehagealder ikkje var ein del av kostnadsindeksen.