Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Pensjon

Rekordhøgt premieavvik skuldast låg rente og hovudoppgjer. Budsjettert bruk av fond for å finansiera pensjonskostnadane vart redusert i 2. tertialrapport.

Det vart inntektsført eit premieavvik frå Kommunal landspensjonskasse (KLP) på 18 millionar i 2014, det høgaste så langt. Premieavviket vart langt høgare enn berekna og er den viktigaste årsaka til at rekneskapsresultatet vart vesentleg betre enn opphavleg budsjettert.

  • Det vart utgiftsført eit premieavvik til Statens pensjonskasse (SPK) på omlag 2 millionar.
  • Premieavviket i år vart inntektsført med 16,1 millionar, med tillegg av arbeidsgjevaravgift på 2,3 millionar.
  • Det vart utgiftsført 3,3 millionar i amortisert premieavvik inkl. arbeidsgjevaravgift.
  • Samla premieavvik var ved utgangen av 2014 på 45 millionar inkl. arbeidsgjevaravgift. Premieavviket frå 2014 skal dekkast inn dei neste 7 åra. Eldre premieavvik over 10 eller 15 år.
  • Premieavviket reduserer kommunen sin likviditet tilsvarande.
  • Utrekninga av premiekostnad og premieavvik går fram av pensjonsnotane

Premieavvik pensjon KLP og SPK