Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Økonomiske nøkkeltal

 

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter
Netto driftsresultat vart på 16,9 millionar, tilsvarande 1,4 % av driftsinntektene.  Dette er lågare enn målsettinga på 2 %.  Det er og lågare enn tidlegare anbefalingar på 3 % og ny anbefaling frå november 2014 på 1,75 %. Nedjusteringa i anbefalinga skuldast at kompensasjon for meirverdi på investeringar no vert ført som inntekt i investeringsrekneskapen.  Det meste av netto driftsresultat skuldast mindreforbruk på etatane sine rammer som er avsett til fond til disposisjon for etatane.  Det er behov for å betra driftsresultatet i åra som kjem med felles disponible midlar.

Lånegjeld i prosent av driftsinntektene

Netto lånegjeld i % av brutto driftsinntekter
Lånegjelda har vore stigande dei siste åra samanlikna med driftsinntektene, og vart i 2014 høgare enn målsettinga på 50 %.  Lånegjelda er lågare enn i Time, men høgare enn i Hå.  Samanlikna med landet og fylket ligg Klepp lågare (tal ikkje tatt med her). Rentenivået har vore dalande og gjelda difor rimelegare å betala, men dersom renta stig og gjelda veks kan ho legga sterkt press på utgiftene.

Lånefinansiering i prosent av finansieringsbehov

Lånefinansiering i % av finansieringsbehov
Del av investeringane som vert finansierte av lån har vore stabil dei siste åra. Målsettinga er maksimalt 70 % som er eit høgt nivå samanlikna med andre, og ut frå at dei fleste investeringane gjev ein momskompensasjon på 20 %. I tillegg til lån vart investeringane finansierte med 33 millionar i momskompensasjon og 15 millionar i tilskot. Det vart kun overført 500.000 i driftsmiddel, og denne delen bør aukast.

Disposisjonsfond i prosent av driftsinntektene

Disposisjonsfond i % av brutto driftsinntekter
Av dei økonomiske målsettingane skil fonda seg positivt ut. Fonda har auke dei siste åra samanlikna med driftsinntektene.  Auken i 2014 skuldast i hovudsak mindreforbruket på etatane, middel som er avsett til disposisjonsfond disponert av etatane.  Dei største fonda er generelt disposisjonsfond på 37 millionar, momskompensasjon investeringar 30 millionar og pensjonsfond 19 millionar. Klepp har noko lågare disposisjonsfond enn Hå, men vesentleg høgare enn Time.

Arbeidskapital i prosent av driftsinntekter

Arbeidskapital eks premieavvik i % av brutto driftsinntekter
Arbeidskapitalen i andel av driftsinntektene har vorte redusert dei siste åra. Hovudårsaka er at inntektene har auka, mens arbeidskapitalen har vore stabil. I 2014 auka fonda og arbeidskapitalen igjen, men ligg framleis lågare enn målsettinga.  Ein del av arbeidskapitalen er disponert av etatane og til finansiering av investeringar. Måltalet vil truleg ikkje bli nådd dei neste åra.