Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Folketalsutvikling

Ved utgangen av 2014 var folketalet i Klepp på 18 741 personar. Folketalet auka med 256 personar i løpet av året. Dette gir ein vekst på 1,4 %, som er den lågaste veksten sidan 2003. Held veksten seg på same nivå i 2015 vil Klepp truleg mista veksttilskotet. 

Folketalsutvikling Klepp
  2009 2010 2011 2012 2013 2014
Folketal 31.12 16918 17397 17746 18227 18485 18741
Årleg vekst antal 568 479 349 481 258 256
Årleg vekst % 3,5 % 2,8 % 2,0 % 2,7 % 1,4 % 1,4 %
Fødslar 292 266 268 288 277 246
*Tal på fødslar i 2014 er det lågaste sidan 2008. Trenden i fylket dei siste åra er lågare fruktbarheit og fødselstal.
Døde 81 73 89 85 88 110
*Tal på døde i 2014 er det høgaste talet Klepp har hatt.
Netto innvandring 192 205 181 176 139 161
*Innvandring ligg på høgt nivå, men har minka dei siste åra.
Netto innanlandsk flytting 165 83 -7 104 -70 -41
*Det har vore netto innanlandsk utflytting frå Klepp dei siste åra, og her skil vi oss frå nabokommunane.

 

Folketalsvekst 2014 Klepp kommune

Folketalsvekst i nabokommunane

Nabokommunane viser ikkje tilsvarande svak folketalsvekst.Årleg folketalsvekst Jæren %

Ferdigstilte bustader i Klepp og nabokommunane

Svak folketalsvekst kan ha samanheng med færre ferdigstilte bustader i Klepp dei siste åra, samanlikna med utviklinga i dei andre kommunane.Ferdigstilte bustader Jæren 2009-2014