Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Utviklinga i finansmarknadene

Utviklinga i finansmarknadane var urolege i 2014. Fall i oljeprisen ramma Norge, og sentralbankane var aktive med stimulerande tiltak som lågare rente og kjøp av statsobligasjonar.

Brent oil USD

  • I 2014 falt oljeprisen med 48% målt i USD (-36% i NOK).
  • Prisfallet kjem av overproduksjon og forventing til at OPEC ikkje vil kutta i produksjon i nær framtid.

Valuta EURNOK og USDNOK

  • Norske kroner blei svekka mot USD (-22,5%) og EUR (-8%) som følgje av svekka oljepris og senka forventing til norsk økonomi.
  • Svekka NOK gir auka konkurranseevne for norske bedrifter, og ei auka avkasting på utanlandske investeringar.

Renter 10 års swap og 3mnd Nibor

  • Rentenivå i Norge og utland er rekordlågt, som følge av spesielt den amerikanske sentralbanken sine forsøk på å stimulera økonomisk vekst.  Korte renter er låge som følge av låge styringsrenter, og lange renter som følgje av at sentralbankane kjøper statsobligasjonar og presser lange renter ned.
  • Det norske rentenivået er lågt som følge av låge renter i utlandet, spesielt i Europa. Lange renter falt som følge av fall i oljepris og svekka forventningar til norsk økonomi og valuta.

Oslo børs

  • Oslo børs steig 5% i 2014. All veksten kom i første halvår, medan den var uroleg og fall i andre halvår.
  • Verdsindeksen målt i USD steig marginalt 0,6%, og målt i NOK steig den 23% pga svekkinga i NOK.
  • Norske aksjar var pr 1.jan 2015 prisa lågare enn historisk snitt målt ved pris/bokførte verdiar. Målt ved pris/forventa inntening (12mnd) låg aksjekursane nær historisk snittnivå.

Rådmannen si vurdering av marknaden og eksponering

  • Nedsiderisiko blir vurdert som større enn oppsida på børsane, og i starten av oktober 2014 blei kommunen si eksponering mot aksjemarknaden senka mot minimumsnivå. Det blei selt eigekapitalbevis, eit kombinasjonsfond (aksjar/rente) og aksjefond blei redusert ned mot minimumsvekting.
  • Ein venta fall i rentenivået i 2014. Nye lån vart difor teke opp med flytande rente knytta til nibor, og fastrenteavtalar som gjekk ut i april og desember vart erstatta med flytande rente.
  • Klepp kommune har ikkje direkte eksponering mot utanlandsk valuta.

Diagram v/Nordea e-Markets