Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Likviditet til driftsformål

Likviditeten har vore god i 2014.

  • All likviditet har vore plassert på konsernkonto i Sparebank 1 SR-Bank.
  • Som følge av høgare rente på innskot enn på lån, vart låneopptaket for 2014 gjennomført i juni og plassert i konsernkontoavtalen.  
  • Likviditeten siste del av 2014 var høgare enn venta som følgje av låneopptaket, og at utbetalingane i samband med investeringane vart seinare enn budsjettert.
  • Dei siste to åra har innskot på disponible konti vore høgare enn 100 millionar med unntak av nokre få dagar.  Dette skuldast gode fondsreservar.

Figuren under viser innskot på disponible konti. Skattetrekk og bundne midlar er ikkje med.

Likviditet 2014

Figuren under viser inn- og utbetalingar kvar månad i 2014. Dei største inn- og utbetalingane er:

  • Skatteinntekter, kvar månad, høgast i januar, mars, mai, juli, september og november.
  • Rammetilskot, alle månader med unntak av juli og desember
  • Låneopptak, i juni 2014
  • Løn, kvar månad
  • Skattetrekk, kvar månad
  • Arbeidsgjevaravgift, kvar andre månad.

Likviditetsbevegelsar 2014