Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Langsiktige finansielle aktiva

Avkastning på 3,45 % i 2014, lågare enn benchmark 4,78 %. Vanskeleg å finne verdipapir i enkelte risikoklassar som gjer betre avkastning enn bankinnskot.

Avkasting langsiktige finansielle aktiva 2014
Portefølje 31.12.2013 Portefølje 31.12.2014 Avkasting kr Avkasting % Benchmark Avvik
41992234 43488804 1496570 3,45% 4,78% -1,33%
*Porteføljebeløp er inkludert påkomne renter, og avvik derfor frå bokført verdi og resultat i Rekneskapsnote 10
*Benchmark: 35% ST1X, 55% ST4X, 5% OSEBX, 5% MSCI

 

Risikofordeling
Risikoklasse Min Normal Maks Portefølje 31.12.2013 Portefølje 31.12.2014
1: Bankinnskot/Statsobl. 10% 10% 100% 9% 21%
2: Obligasjonar (bank og kreditt) 25% 60% 80% 64% 53%
3: Obligasjonar/sertifikat (industriføretak) 0% 10% 20% 0% 2%
4: Fondsobligasjonar (bank) 0% 10% 20% 14% 18%
5: Aksjefond 5% 10% 20% 11% 6%
6: Eigekapitalbevis 0% 0% 5% 2% 0%

 

Avvik i 2014:

  • Risikoklasse 4 og risikoklasse 1 er overvekta i forhold til normal posisjon. Dette fordi det er vanskeleg å finna obligasjonar i risikoklasse 2 og 3, som overstig avkasting på dagens forvaltningskonto. Desse risikoklassane er derfor undervekta.
  • Risikoklasse 5 er undervekta ut frå Klepp kommune sitt syn på aksjemarknaden.
  • Avkasting avviker med 1,33 % målt mot Benchmark. Avviket kan forklarast med at kursen på ST4X har stige som følge av låge lange renter. Porteføljen har ikkje lange renter. Porteføljen består av rentepapir med flytande rente og er ikkje like utsette for kurssvingingar som referanse indeksen.
  • Ingen avvik på etisk reglement i perioden.