Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Etat for skule og barnehage

Visjonen "Meir læring for alle" gjennomsyrer arbeidet både i forhold til barn og elevar og tilsette. Barnehagane og skulane ser frukter av satsinga på Kleppbarnehagen og Jærskulen.

Organisasjonskart

Organisasjonskart Skule og barnehage

Viktige vedtak

  • I Handlingsplanen: Tidleg oppdaging og hjelp som ei av hovudsatsingane.
  • Barnehage- og skulebruksplan sendt ut til høyring.
  • Fritt skuleval held fram.
  • Bygga ny ungdomsskule i lag med Time kommune.
  • Klepp driv Eirik Raude-senter for Klepp kommune og Time kommune.
  • I Handlingsplanen: Påbygg Orre barnehage i 2015 og påbygg Bore skule i 2018.
  • Utvida tilbodet i kulturskulen for ein halv million kroner.
  • Plan for rammetilpassing.

Barnehage

  • Resultat
    • Felles pedagogisk utviklingsarbeid: Barnehagane har i 2014 hatt fokus på vaksenrolla, danning, leik og læring.
    • Dei fleste av barnehagane har starta opp arbeidet med ”Være sammen”, som er til god hjelp i arbeidet med vaksenrolla og gode relasjonar både mellom barn og vaksne og mellom barna. Dette arbeidet er og eit godt utgangspunkt i arbeidet med å hindra mobbing og krenkande åtferd i barnehagane.
    • Lærande nettverk: Alle styrarane, både frå kommunale og private barnehagar er organisert i 4 nettverk. Desse nettverka har utvikla seg til ein stad for både læring og støtte og hjelp for styrarane.
    • Tidlig innsats: Fagteamet i Kleppbarnehagen består av eit team samansett av spesialpedagogar, vernepleiarar, miljøterapautar som skal sikra at barn får ekstra oppfølging ute i barnehagane. Det er eit sterkt fokus i styrargruppa på å koma i gang tidleg og gje god hjelp.
    • Rekruttering: I 2014 var det 8 studentar som hadde fått stipend frå Klepp kommune som var ferdig utdanna barnehagelærar.
    • Talet på dispensasjonar er om lag det same som i 2013. Dette skuldast at nokre av barnehagelærarane har fått arbeid i nabokommunane.
  • Utfordringar
    • Rekruttera nok barnehagelærarar.
    • Engasjera foreldra i forpliktande, langvarig medverknad i barnehagen.
    • Førebyggja og redusera mobbing. Her vil arbeidet med ”Være sammen” vera til stor hjelp i det vidare arbeidet.

Skule

  • Resultat
    • Eksamen. Resultat frå skriftleg eksamen på 10. trinn våren 2014 viser at Klepp nok ein gong ligg godt an i matematikk. I norsk hovudmål og engelsk er resultata omtrent på linje med landet.
    • Elevundersøkinga – vurdering. Ut frå resultat er det desse områda det må rettast fokus på: motivasjon, arbeisro og mobbing (krev alltid målretta jobbing).
    • Gjennomføring vidaregåande skule. Relativt mange unge i Klepp fullfører ikkje vidaregåande opplæring. Det er auka fokus på foreldra og barnehage/skule si rolle for å forhindra dette.
    • Det er høg aktivitet i samarbeidet om Jærskulen. Det er m.a. etablert interkommunale nettverk for skuleleiarane kor erfaringsutveksling og læring skjer.
    • Tu skule stod ferdig og blei eit godt funksjonelt praktbygg.
    • Engelsvoll skule ombygging del 1 vart ferdig med nytt bibliotek og personalrom.
    • Spesialundervisning: Mange av skulane har spesialundervisning og tilpassa opplæring som satsing på skulen. Hausten 2014 vart det oppretta eit spesialpedagogisk nettverk.
  • Utfordringar
    • Engasjera foreldra i forpliktande, langvarig medverknad i barnehage og skule.
    • Forebyggja og redusera mobbing.
    • Skjerma medelevar og tilsette når elevar viser sterk utagering, psykisk betinga aggresjon etc.
    • Betra resultata i lesing på nasjonale prøvar.
    • Utvikla Jærskulen slik at effektar på elevane si læring kan dokumenterast.
    • Sikra at kommunen har eit apparat som fangar opp elevar som ikkje fullfører vidaregåande.

PPT

  • Resultat
    • 97 saker. 10 saker var for vaksenopplæring, 55 saker for elevar i grunnskulen. Sakene som blir meldt opp gjeld fagvanskar, sosiale utfordringar og konsentrasjonsvanskar. I barnehagane er det 30 vedtak som gjeld barn med behov for ekstra oppfølging.
    • Har vidareutvikla systemarbeidet for å heva kunnskapen i barnehagane og skulen.
    • Har flytta inn i Kleppetunet og samlokalisert med barnevern og helsetenesta.
  • Utfordringar
    • Vera tett på barnehagane og skulane både for å hjelpa enkeltbarn og utvikla den spesialpedagogiske kunnskapen.
    • Få til større grad av tilpassa opplæring i staden for spesialundervisning.

Kulturskule

  • Resultat
    • Elevtalet er nå på 350.
      40 av desse er elevar frå korpsa som får undervisning gjennom kulturskulen.
    • Kvalitetsutvikling har vore hovudsatsinga.
    • Samarbeidsprosjektet "The Little Sweep" i lag med Universitet i Stavanger og Hå kulturskule har vore ein suksess.
  • Utfordringar
    • Nytta rammeauken på kr 500 000 til flest mulig elevplassar.
    • Vidareutvikla kvaliteten i kulturskulen.

Vaksenopplæring

  • Resultat
    • Det har vore ein auke av vaksne som treng spesialundervisning etter § 4.
    • Behovet er størst for logoped og synspedagog fordi det gjeld pasientar som har hatt slag og treng hjelp til opptrening.
    • Norskopplæring for flyktningar og innvandrarar skjer i eit godt samarbeid med Time kommune.
  • Utfordringar
    • I samarbeid med flyktningtenesta, NAV og Time kommune: betra introduksjonskurs og norskopplæring for flyktningar.

Økonomisk resultat

Nøkkeltal